Kjersti Stenseng
Statssekretær Kjersti Stenseng
Statssekretæren fekk æra av å stå for den offisielle opninga av arrangementet. Stenseng, som sjølv kjem frå Sør-Fron, trekte fram den solide arrangørkompetansen i kulturlivet i bygda. Ho peika særleg på arbeidet som blir lagt ned for å løfte og bygge folkemusikken og folkedansen i regionen, ikkje minst gjennom arbeidet i Vågå spel- og dansarlag – som feirar 60 år i år. Stenseng trekte også fram ambisjonsnivået i arbeidet med kulturen. - De har eit sterkt engasjement for kultur og innovasjon, og er aktive med idear og innspel – også til Kulturdepartementet. Hald fram med det, fortalde ho.
Geir Arne Hjelvik
Geir Arne Hjelvik deltok i klassen solo durspel senior

Avhengig av samhandling

Kjersti Stenseng snakka også om korleis folkemusikken og ikkje minst festivalane skal arbeide for å nå kjernepublikumet – og nye publikumsgrupper. Til det trengs ein stor dugnadsgjeng: - Skal folkemusikken utvikle seg, er de avhengig av god samhandling mellom både profesjonelle aktørar og amatørane, fortalde Stenseng. Etter helsingstale frå fungerande ordførar, Jehans Storvik og leiar for hovudnemnda, Kjærsti Gangsø, deltok nær 100 ungar med glad dans i fargesterke t-skjorter. Spelet var det laget sjølv, under leiing av Tron-Ole Haug som stod for. Under fyrste festivaldagen har det vore tevla i solo durspel junior og senior, solo andre instrument junior og senior og solo fele/hardingfele junior og senior. Seinare i ettermiddag blir det også tevla i klassen samspel junior.
Henriette Y
Henriette Y. Rossebø i klassen solo fele/hardingfele junior

Juniorar til start

Ei av dei som har delteke i dag er Henriette Y. Rossebø (15) frå Østerdølenes Spellmannslag. Ho stilte i klassen for solo fele/hardingfele junior med slåttane ”Vals av Halvor Hoel” og ”Lalmingen” – ein galopp av Sven Nyhus. Folkemusikk.no fekk ein kjapp kommentar frå Rossebø rett etter spelinga. - Det gjekk ikkje så veldig bra, fortalde Rossebø. Folkemusikk.no kunne likevel registrerte at humøret hjå unge Rossebø var på topp. Også Mathilde Skjæret (15) deltok i klassen for solo fele/hardingfele junior. Mathilde representerer Jostedal spel- og dansarlag og framførte slåttane ”Utan Udla”, ein hamborgar og ”Reinlender etter Hans Myklemyr". Mathilde, som har vore med på Landsfestivalen to gonger tidlegare tek tevlinga med stor ro. - Det får gå som det går. Eg er med fordi det er moro! Folkemusikk.no ynskjer Henriette og Mathilde lykke til med vidare speling. Resultata frå dagens tevling blir presentert kl. 18.00. Folkemusikk.no kjem tilbake med oppdatert informasjon. Meir informasjon om festivalen finn du også her!