Famn kallar seg sjølv eit møte mellom folkemusikk og jazz, og medlemma har spelt saman i to år. Dei møttes på kurs ved Ole Bull Akademiet, og har sidan jobba fram eit repertoar der to sjangre møtes.

Lydbiletet beskrivast som melankolsk og vart, ispedd særtrekk frå både folkemusikk og jazz. Famn har elles lagt vekt på å få fram det enkle og melodiøse ved musikken. Stamma for repertoaret er hovedsaklig henta frå Lajla Buer Storli og John Ole Morkens kjernerepertoar, Lajla sitt frå Hardanger og John Ole sitt frå Trøndelag.

Famn har også teke tak i lite bruka tekstar og melodiar, perler som fortjener å komme fram i ljoset. Dei har dessutan nye melodiar på repertoaret, som nett er eit resultat av møtet mellom sjangrane. Etter lang tid med øving hadde Famn sin debutkonsert mars 2011 i Oslo, og opptreden på Riksscna for folkemusikk i mai 2011. Tilbakemeldingane frå desse konsertane har vore positive og gode.

Gruppa er no klar for å spele for publikum, og vil i oktober ha sin debut-turne på Vestlandet i Hardanger og Voss.

Turneplan:

  • 14. oktober: Ekspedisjonen Sjenkestove
  • 15. oktober: Vines Grendahus
  • 16. oktober: Odda Ungdomshall

I Famn finn vi Lajla Renate Buer Storli (hardingfele, song), John Ole Morken (fele, hardingfele og gitar), Daniel Kristiansen (kontrabass), Christian Stähler (piano, trøorgel og melodica)og Glenn Skoglund Ask (trommer og perkusjon.

Interesserte kan høyre døme på musikken på www.famn.no. Heimesida til Lajla Renate Buer Storli finn du her.