Seminarene arrangeres i forbindelse med det årlige representanskapet hvor en rekke aktører innenfor folkemusikk og folkedans møtes for å drøfte sjangerspesifikke saker og utfordringer. Det er i år gjort noen endringer det gjelder arrangementet rundt Representantskapsmøtet. Selve Representantskapsmøtet vil bli noe forkortet, og man vil i stedet bruke tiden til å arrangere seminarer.  Disse seminarene er åpne for alle som ønsker å delta.

Prisen for seminarene med lunsj torsdag og fredag er kr 600;-, og kr 300;- for studenter. Påmeldingen er bindene og gjøres på nettsidene til Rff. www.rff-sentret.no  


PROGRAM
  (med forbehold om endringer)

Torsdag 4.november

10.30:                    Kaffi/te med "noko attåt"

11.00-13.00:       Seminar :  Utdanning og tradisjon

Klarer musikkutdanningane å ta vare på særtrekka i tradisjonen på ein tilfredsstillande måte? Kva visjonar og mål har høgskulane for dette særs viktige arbeidet med å forvalte tradisjonen? Kva for samspel ønskjer vi mellom dei lokale spelemannslaga, det store miljøet og utdanningsinstitusjonane?
Innleiing: Håkon Asheim, Ole Bull-akademiet, Steinar Ofsdal, Norges Musikkhøgskole, Maria Høgetveit Berg, styreleiar i FolkOrg, ein rep. for lokalt spelmannslag.

13.00-14.00        Lunsj

14.00-16.00        Seminar:  Samværsdans og scenedans side om side?


Dansen utviklar seg i mange retningar og lever på ulike arenaer: på scene, på fest, på kurs og på kappleikscena. Kan og vil vi styre? Er det motsetnader i satsingane vi gjer eller kan dansen sine ulike utrykk og bruksområde leve side om side?


Innleiing: Bert Persson, Dansehøgskolan i Stockholm, Marianne Dahl, "Fant og Fente", Kari Margrete Okstad, Ole Bull-akademiet.

16.00-16.30        Pause

16.30- 18.00       Seminar:  Tradisjon og kjeldebruk

Kva ligg i omgrepa tradisjon og tradering? Kva skjer med musikken når utøvarar kjem saman, spelar og lærer av kvarandre både horisontalt og vertikalt i generasjonane? Kva hender med musikken når utøvaren tek i bruk materiale frå opptak og notar? Kva særtrekk vert ført vidare, og kva set stempel frå vår tid?

Innleiing: Kari Lønnestad, folkemusikkarkivet i Telemmark, Gro Marie Svidal, musikar, Rep. frå Rff-Dragvoll

18.00-19.30        Pause

19.30                     Prisutdeling Rff-prisen 2010

                               Prisvinnerens presentasjon

20.30-22.00        Festmiddag - påmelding

22.00-01.00        Sosialt samvær - fri adgang.

 

Fredag 5. november

10.00-11.30        Representantskapsmøte

11.30-13.00        Lunsj

13.00-14.30        Seminar: UNESCO-konvensjonen for  immateriell kulturarv

Noreg ratifiserte UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv (IKA) i 2008. Sidan har det skjedd lite. ABM-utvikling administerer ei arbeidsgruppe som skal leggja fram ein rapport om satsingar på feltet, men det ser ut til at den immaterielle kulturarven framleis står langt bak vernet av det materielle. Det er vidareføring av praksis som står i sentrum i konvensjonen. Vern tyder tiltak for å sikra at nedarva kunnskap og praksis lever vidare. Det vil seia at vi held fram med å dansa, syngja og spela tradisjonsmaterialet vårt. Konvensjonen om vern av IKA strekar også under at alt vern skal skje i tett samråd med utøvarane, og at det er utøvarane og brukarane av tradisjonell kunnskap og dugleik som avgjer kva som skal vernast. Då er det uroande å sjå kor lite utøvarane vert tekne med på råd. Vi ventar i spaning på utgreiinga. I mellomtida køyrer vi debatt.

Innleiing: Marit Jakobsen, Norges husflidslag, Egil Bakka, Senter for dansevitskap