Interessa for hardingfela i Hardanger er stor, og i dag får kring 80 born og ungdom undervising på instrumentet i dei ulike kulturskulane i Hardanger. Fleire av elevane ynskte meir opplæring, og difor tok Hardanger- og Voss museum grep og etablerte Master Class Hardanger – eit eiget undervisningsopplegg for hardingfelespelarar.
- Inntil ti utvalde hardingfelespelarar får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, i tillegg til deltaking på to helgesamlingar. Her vert det konsertar, føredrag og workshops med kapasitetar som Gabriel Fliflet og Bjørn Aksdal, fortel prosjektleiar Tina Kjerland.
"Å læra spelet vidare til nye generasjonar er det viktigaste eg driv med"
Hovudlærar for det nye meisterprogrammet, Knut Hamre. .
Får betre tid
Spelemann Knut Hamre frå Granvin er hovudlærar i undervisningsopplegget. Han er ein av dei fremste spelemennene i landet, og har vunne landskappleiken heile sju gonger. Til dagleg er han kulturskulelærar i Hardanger.
- Å læra spelet vidare til nye generasjonar er det viktigaste eg driv med. Men ofte kan kulturskuletimane kjennast for korte. I master class-programmet får me betre tid til å fordjupa oss i musikken. Det vert litt meir som på gamlemåten, då unge og gamle spelemenn sat i spelstovene og lærte av kvarandre, fortel Knut Hamre.
Enkeltundervisinga med Knut Hamre går føre seg i Kjerlandsstova i Granvin bygdetun, og tek til i september. Heile opplegget er fordelt på tre bolkar i løpet av september, oktober og november. Til slutt vil det etter planen verta innspeling av cd for deltakarane.
Eit lite stykke verdsarv
- Master Class Hardanger er eitt av fleire bidrag i arbeidet med å føra hardingfeletradisjonen i Hardanger vidare. Det heng saman med arbeidet med å oppretta eit hardingfelesenter i Hardanger, seier Tina Kjerland, som meiner at hardingfela i mange samanhengar har styrkt si stilling.
- Me opplever at både hardangerkommunane og Hordaland fylkeskommune tydeleg ser kor viktig det er å føra denne tradisjonen vidare. Hardingfela og hardingfelespelet er eit stykke verdsarv, og me som bur her tradisjonen lever har ansvaret for vidareføringa.
Søknadsfristen for ordninga er 1. juni