Styret i FolkOrg vedtok fylgjande under styremøtet 26.januar:

Danseklassa under Landsfestivalen som fast del av tevlinga
Danseklassa som var prøveordning på Oppdal og ein stor suksess vert ein fast del av Landsfestivalen.  Heile 32 par stod på deltakarlista i ”Dans Senior” og eit par i ”Dans Junior” på Oppdal. Vinnarane av seniorklassa var May Lise og Egil Engebretsen frå Bygdedanslaget i Hamar. Solveig Brekke Hauknes (Bærum Spelemannslag) og Ole Nilssen (Elverum danselag) vann juniorklassa.

Junior Samspel – ny klasse under Landsfestivalen
Junior Samspel (12-18 år) vert ei ny klasse under Landsfestivalen. Dette kjem i tillegg til sjokoladekappleiken for utøvarar under 12 år. I Junior Samspel skal to eller fleire spele i lag. Det vil seie at ein kan få alt frå duettar på t.d. fele og toradar til større juniorlag. Dette er ein del av FolkOrg si satsing på dei unge og ein vonar at dette vil verta ei stor og variert klasse. Tevlingsreglementet for denne klassa er under utarbeiding.

Vidareføring av prøveordning i klassa for Gruppespel under Landsfestivalen.
Under Landsfestivalen på Oppdal  i klassa for gruppespel hadde ein ei prøveordning på at det var lov til å delta i to ulike grupper på same instrument. Denne prøveordninga vert vidareført i 2 år til.

Open klasse under Landsfestivalen forsvinn
Det vert ikkje lenger open klasse på Landsfestivalen. FolkOrg ynskjer i staden å stimulera til at gruppespel skal få større variasjon og breidde i instrumentbruk, klangfarge og representasjon frå ulike delar av landet.

 

>> Her kan du lese referata frå styremøtene i FolkOrg