Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ellingsen, Jon

Ellingsen_Jon

Ellingsen lærte "laus" av Reidar Meinstad, Robert Dokken og Hellik Dokka.
I '85 deltok han for fyrste gong på Landskappleiken, og sidan den tid har merittlista vorte lang med m.a..
- Landskappleiksiger i ´94, ´95 ´00 og ´02.
- Kongepokal i '00.
- turnear i USA og i ei rekke europeiske land
- deltaking ved Vinterlandsutstillingen si vitjing i Spania (OL '94)
- kurs og konsertar på folkemusikkfestivalen i Ransäter i Sverige
- danseoppdrag under skiskyttar-VM

I 1992 var han i Sverige med på teaterprosjektet: "Gøsta Berlings saga" av Selma Lagerløf. Dette prosjektet haldt fram i 3/4 år. Sommaren etter vart det teatersamarbeid med Østfold Teaterverksted rundt Festningspelet på Fredriksten festning i Halden. I tillegg har han vore med i den kjende julemusikalen til Per Asplin: "Putti Plutti Pott".
Frå aug.´01 til jan.´02 var han med i oppsettinga av Peer Gynt på Rogaland Teater, m.a. i rolla "Bøygen". Denne oppsettinga fekk svært gode kritikker (terningkast 6 i VG), og juli ´02 var han gjest i Graham Norton Show på Cannal 4 (engelsk TV).
I si utforming av dansen legg Jon Ellingsen stor vekt på det musikalske uttrykket. Han har ein filosofi om at dans og musikk skal verke saman, og at kraften i uttrykket blir best når ein lukkast med det. Akrobatikk høyrer saktens med i lausdansen, men den må flyte inn i dansen som ein naturleg del, seier han.
Jon Ellingsen er elles ein etterspurd danseinstruktør, og han ser det som ei svært viktig oppgåve å bringe lausdans-tradisjonane vidare.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk