Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd 3. mai for 100 år sidan, og dette ønskjer vi å markere med ein konsert. Osa var ein allsidig musikar, og har ein svært sentral plass i vår nære folkemusikkhistorie. Hovudvekta av programmet vil vere hardingfelemusikk, men innhaldet vil elles spenne frå klassisk musikk av Brustad, Bach og Brecht til samspel med jazz og popmusikarar. Programleiar er Liv B. Osa.
Utøvarar på konserten
Andreas Bjørkås, Bjørn Kåre Odde, Maja Gravemoen Toresen, Ingrid Heieren, Ingvild Blæsterdalen, Jo Einar Jansen, Haldis Hegstad, Gro Marie Svidal, Bjørn Sigurd Glorvigen, Ingebjørg Lognvik, Olaug Furusæter, Olaf Mundal, Eirik Aanensen og Elise Hildrum
Lørdag 08. mai kl 18.00
Noregs Musikkhøgskule, Levinsalen