Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ugagn

Eisemo

Platecover_Eisemo_Ugagn_FotoIngvilSkeieLjones(original)_488x440_cropped_427x428

Ugagn består av Sigrid B.Berg, Erik Sollid (Valkyrien Allstars) og Bård Bjørke (S.O.T.U). Denne ferske trioen har sin musikalske grunnmur i Setesdalstradisjonen, der de viderefører arven etter Kirsten Bråten Berg, som er mor til vokalist Berg.

Sigrid Berg var heilt frå barneåra omgjeven av musikk og musikarar, men gjekk sjølv i mange år utan å tore å ta opp sangtradisjonen etter mor. Ikkje før ho sjølv hadde fortrengt draumen om å bli musikar løsna det. Bård Bjørke, som hadde studert flamencogitar i Spania høyrde ho synge. Han ba ho sende nokre songar på opptak, laga arrangement til låtane, og plutseleg var dei i gang.

I 2009 drog Bård Bjørke på sin årlege studietur til Granada, for å møte læremeisteren sin i flamencospel. Med seg i bagasjen hadde han opptak av stev frå Haugtussa. Dette var ei innspeling av Sigrid Berg, som i ein alder av 25 år ikkje hadde opptredd for meir enn ei handfull menneskje. Og knapt det.

I løpet av opphaldet oppsto det som skulle bli grunnmuren i Ugagn sitt lydbilete. Men det heile starta ikkje før eit år seinare, då Erik Sollid fullførte trioen med sitt særeigne spel og evne til å formidle både nye og gamle tonar. Ugagn var i gang. Med røter i Setesdalstradisjonane bygger Ugagn arrangemente sine på kjelder som Svein Hovden, Gro Heddi Brokke og lokale diktarar. Samstundes ber debutalbumet preg av å vere i tradisjon etter Kirsten Bråten Berg, mor til vokalist Sigrid Berg. Det er ikkje noko nytt å kombinere folkemusikk frå ulike land, men ideen om å la musikk krysse landegrenser blir likevel aldri oppbrukt. Slik harmoniserer også tonane frå Setesdal med musikken frå sørlige strøk, og det er dette som er lyden av Ugagn.

Det er plateselskapet ta:lik som står bak utgjevinga.


 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk