Prisen vert delt ut annankvart år og går til ein person, eit lag eller ein institusjon som har gjort særleg mykje for folkemusikken.

Einar Eimhjellen er ein allsidig folkemusikar som har lagt ned mykje og godt arbeid for folkemusikken og tradisjonane våre. Han starta tidleg starta tidleg i det lokale spelemannslaget, Instedalen spelemannslag men reise så ut i verda for å få luft under vengene. Etter tilbakeflytting vart det arbeid med å få opp att aktiviteten i laget og sidan har det vore eit aktivt lag med mange medlemar og dei kallar seg i dag Naustedalen spelemannslag.

Einar har vore styreleiar i spelemannslaget i mange år, og i tillegg vore musikalsk leiar. Fleire plateutgjevingar har det vorte med laget og også med orkesteret ”Naustedølen” og Einar Eimhjellens gamaldansorkester. Han driv sitt eige forlag: Naustedalen musikkproduksjon. Fleire kappleikar og større folkemusikktreff er vorte skipa til under hans hånd. Han har hatt utallige domarverv både lokalt ,regionalt og sentralt. Einar var styremedlem i Sogn og Fjordane Folkemusikklag frå 1992 - og frå 1996 til 2000 som leiar.

Innsamling av gamle slåttar frå Naustdal / Flora området har stått sterkt for Einar. Han har
lagt ned eit stort og verdifullt arbeid med innsamling og nedteikning av dette materialet.
Fleire note / historiske hefter er komme frå hans hand.

Han har hatt fleire innsamlingsturar til Amerika og har komme heim med ” ny-gamle slåttar”
Det har og vorte mange gode presentasjonar i kappleikstevlingar for både spelemannslaget og orkesteret. Også i Naustedalen toradargruppe er han ein aktiv person. Einar er ein ivrig skribent og fotograf som ofte dokumenterar folkemusikalske hendingar.

Han er ein ivrig debattant som ivrar spesielt for runddansmusikken som alltid har hatt ein stor plass i Sogn og Fjordane, som ein del av folkemusikken vår.

No er Einar pensjonist, men som den aktive personen han er så har han framleis mange jern i elden. Noko me heilt sikkert vil få sjå resultat / produkt av. Blant anna så veit me at han er i gong med å planleggje eit tiltak til hausten i samarbeid med folkemusikklaget.
I 2008 fekk han kongens fortenestemedalje i sølv.

Einar Eimhjellen er ein verdig mottakar av Folkemusikklaget sin folkemusikkpris.

/ Tekst: Sogn og Fjordane folkemusikklag