Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aasmund Nordstoga

Ein visefnugg

Aasmund Nordstoga - Ein visefnugg (Warner Music)

Aasmund Nordstoga - Ein visefnugg (Warner Music)

"Ein Visefugg" er Åsmund Nordstogas debutalbum, og kom ut på på Warner Music.

Dette er ein fugg gamle flotte viser, samla inn i samarbeid med produsentane Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge. Desse to har også arrangert visene,  der Åsmund Reistad (mandola og gitar), Sondre Meisfjord (kontrabass), Jørund Fluge Samuelsen (munnspel), John Vinge (ymse tangentinstrument), Daniel Sandén-Warg (feler) og Odd Nordstoga (gitar og trekkspel) er med. Desse utgjer Abildsø spelemannslag.

I tillegg medverkar Tuva Livsdatter Syvertsen (Valkyrien Allstars), Marit Karlberg (kvedar frå Valdres), Storm Weather Shanty Choir (Shantykor frå Stord) og Gideon Andersson (spelemann frå Sverige) på enkelte songar.
 
- Ein fugg er ein liten bunt/bundel (I. Aasens ordbok). Den kjende folkeminnegranskaren og historikaren Rikard Berge nytta nemninga på ei samling folkeviser: Norsk Visefugg. Denne fuggen kan me kanskje kalle folkelege viser. Før det vart enkelt å ta opp, skreiv folk opp slike songar når dei høyrde dei. Enten frå radioen, frå plate eller "munnleg overlevering". Det finst nok mange slike handskrivne visebøkar rundt ikring.

- Visene på denne cd-en femner om fleire emne, men ein fellesnemnar for dei er, at dei tenderar mot det burleske, og ein kan tenkje seg at visediktaren vil riste litt opp i besteborgaren, provosere og kritisere. Her er både rallar og prelat, himmel og helvete, kjærleik og lyst. Forfattarane visste inderleg godt at ein harsellerar ikkje med presteskap og moralsyn utan at nokon tek det til seg, og blir fornærma.

- Dei verkar nok ikkje på same måten i dag, som då dei var ferske. Me vil nok sjå dei meir som morosam, velforma kvardagslyrikk. Likevel: ein ser kloa og brodden i teksta. 

Albumet kom 21. april. Den fyrste singlen var "Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør".
 


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk