Denne dagen kunne ein mellom anna høyre om korleis Ole Bjørn Skoe lagar munnharpene sine, og korleis Steinar Ofsdal fekk til fabrikasjon av vår- og fjellfløytene sine i Kina. I tillegg kunne ein hoppe paradis, lage blomekransar, synge songleikar og mykje meir. Dei femti born, unge og vaksne fekk mykje oppleve på museet.

Kittil Brekke hadde i alt 15 personar på sin seljefløyteverkstad.
 
- Vi  som var med var i alder frå 2 til 70! Og nivået på dei som deltok var alt frå dei som var nysgjerrige på å lage seljefløyte, til masterstudentar frå folkemusikkstudiet i Rauland, fortel Agnes Buen Garnås

- Kittil hadde sprunge land og strand rundt for å finne emne til fløytene, i vekesvis før denne dagen. Emna skal være kvistfrie, og det trengs mykje kunnskap til å finne dei som verkeleg blir gode emner til fløyter. Han henta dei på same dag vi hadde verkstaden, og det blei vi som fekk gleda av å høyre dei låte!

mosekone
Mosekone i Aksjon

I tillegg bann ein blomkransar, song songleikar og hoppa paradis.

- På parkeringsplassen var det teikna ein kjempestor labyrint, og tre ulike paradis. Du må ikkje tråkke på streken – korkje i paradis eller i labyrint. Dette er eit urinstinkt – og dette kjem til uttrykk i mange barneleikar, mellom anna paradis.

Musikk med Mosekone

Borna fekk også musikalsk påfyll. Innan folketradisjonen i Danmark er der eit vesen kalt Mosekone. Ho har mykje å gjere på vårparten når alt byrjar å gro. Ut frå dette eventyrvesenet har slagtøyspelar og komponist Birgit Løkke  laga musikkeventyr saman med ein skodespelar. Saman med ”Tante Tø frå Bø” kokte dei også saman eit lite eventyr som handla om kor dei  fann musikken og songen sin.

- Dei fortalte berre  bittelitt, men mest spelte dei og kvo om vår og alt som veks og spirer og gror – heilt til Steinar Ofsdal spela på vårfløyta si og ein hageslange funne i eit søplespann i Grekenland!

- Så spelte Ole Bjørn Skoe to drivande gode munnharpeslåttar og Kittil Brekke både spela fløyte og song om dette med å spela fløyte. Båe fekk veldig god velfortent aplaus!

Deltakarane måtte sjølvsagt ha i seg noko næring, og på menyen stod brenneslesuppe med egg og bjørkesaft.

- Suppa vart laga på eit improvisert utekjøkken med museale kokeplater. Alle fekk smake, og fleire av elevane spurte om korleis ein lage dette slik suppe. Andre syntes det var vel eksotisk. Nokre vart til og med hengande ved kjøkkenverkstaden og tok over serveringa og oppmodninga til alle om å smake, fortel Agnes.

Festsamvær på Sandvin

Seinare på kvelden var det om lag 50 barn og vaksne samla på Sandvin til  Festsamvær, med dans for små og store. Her var det avslutning på verkstaden i hallingdans, i regi av Bø Dansarring, og for småkvedarane frå Åmotsdal, som Agnes Buen Garnås har som lærar i Seljord Kulturskule. Tilstades var det gjester frå Bø og alle Bø sine nabokommunars kulturskular, og folkemusikk og dansegrupper med barn frå Tuddal, Gransherad og Jondalen.

- Vi som var der, og opplevde denne kveldsstunda med festkledde små og store, som dansa etter felespel av Ottar Kaasa, og fløytespelet til Steinar Ofsdal: Vi hugsar denne kvelden som ein god draum!

Mosekona og Tante Tø var på pletten her og, med songar frå ei ny plate som er på trappene: ”Sull”, men også dei små fekk synt seg fram.

- Småkvedarane frå Åmotsdal og dansarane frå Seljord og Bø som hadde møtt opp, kvo og dei dansa så det var ein fryd å høyre og sjå ! Utan nokon til å leie an, tok dei over dansegolvet som om dei hadde drive med dans i årevis. 

Vil skipe til fleire festkveldar


Det var dansarringen i Bø, Bø Ungdomslag og fleire folk saman med Agnes Buen Garnås som var arrangørar denne kvelden. Og arrangøren er svært nøgd med arrangement og forma den fekk.

- Ein treng  ikkje sjokolade for å like folkemusikk, og ikkje treng ein berre være på ei scene heller!

- Å  bruke musikken og dansen som ein  måte å møte kvarandre på, sei noko til kvarandre med, og ikkje tevle kvar einaste gong ein skal være i lag, det er vesentleg! Og det er viktig å møte kvarandre over bygde-, kommune- , fylkes- og landsgrensene av og til.

- Gangaren og springaren og hallingen er stildansar – som har dette i seg – at alle skal kunne ta del i, om det blir laga til slik at det skjer.

Alt i alt vart arrangementet svært velluka, og kanskje blir det fleire arrangement. 

- Intensjonen til me som sto bak dette er i alle fall nådd. Og vi vart einige om å lage fleire slike festsamvær.


Ein av songleikane som vart nytta denne dagen

(Ein variant av Bro bro brille):

Byggje brua den breie,
med stolpar å næglar
å ælle goe greiur.
fritt vi eg møte
fritt vi eg bøte
fritt vi eg gange
å fritt vi eg stande.
Den siste fuggel som i flokken går
han ska stå i kongens gryte.

Nedskrift frå Bø av Molkte Moe 1883
”To personer fatter hinanden stående midt på gulvet i Hænderne. De øvrige legenes række går rundt ”stolpænne” (de to personer), mens den fyriaste synger… Når rækken smutter under stolpernes hender, sænkes disse over den bagerste, der således fanges og ”må kveda tri vers” før han slipper du. Således fortsættes til alle er tagne”

Labyrintregle:

Mange, mange, mange,
lange , lange, lange,
Slinge-, Slynge-,  Slange-,  Gange-
    er der til Prinsessen.

Finder du hende
saa vinder du hende!
men staar du og gaber,
     saa tror jeg, du taber!