Juryen skriv i ei uttale:

Eckbo legaters folkemusikkpris blir delt ut for niande gong under årets Telemarkfestival i Bø. Denne nasjonale prisen har til føremål å inspirere unge folkemusikkutøvarar. Prisen er på 15.000 kr og eit diplom - og tildelast enkeltpersonar under 18 år som på ein spesielt god og aktiv måte har bidrege til større merksemd og bevisstheit om folkemusikkens uttrykk.

Årets prisvinnar er ein ung, målbevisst og talentfull utøvar på hardingfele. Spelet blir karakterisert som rytmisk, rått og sterkt. Ho spelte seg til ein solid tredjeplass i klasse for hardingfele junior under årets NM i folkemusikk.

Prisvinnaren har vokse opp i Oslo og er med i Bærum Spelemannslag og i Chateau Neuf Spelemannslag. Ho begynte å spele hardingfele 7 år gamal, på ein 3/4 Håkedal-hardingfele utlånt av Kristiansand spelemannslag. Hennes første faste lærar var Anne Hytta, deretter har ho gått hos Gro Marie Svidal og dei siste par åra hos Britt Pernille Frøholm. I fleire år var Hallvard Kvåle viktig både som lærar og inspirator. Prisvinnaren har også fleire slåtter etter Salve Austenå, både gjennom far sin Tellef Kvifte og direkte frå Salve.

Årets prisvinnar er ein aktiv formidlar. Ho har bl.a. vore med i ungdommens kulturmønstring og nasjonal nettkonsert på NRK i Griegåret. Ho har også markert seg på mange kappleikar – og fekk gode plasseringar både på Oslokappleiken hausten 2008 og på Vinterkappleiken på Rauland i 2009. Saman med broren Knut har ho etablert duoen Odd M. Liens Husorkester- populært kalla Valkyrien Small Stars.

Vinnaren av Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvarar i 2009 er 15 år gamle Guro Kvifte Nesheim fra Oslo.

Kjelde: Telemarkfestivalen