Plata vert fyrst lansert i Tyskland der dei er i gang med ein 10 dagars turné før turen kjem til Noreg 15.november med sleppkonsertar i Hardanger, Voss, Bergen og Oslo. I Tyskland spelar dei konsertar i området mellom Kiel, Hamburg og Berlin.
Børsheim på hardingfele, vokal og gitar har vakse opp i den solide folkemusikktradisjonen frå Hardanger, men har skapt sitt eige uttrykk og henta inspirasjon frå mellom anna dei britiske øyer. Djønne på durspel og vokal har skapt sitt eige uttrykk ved å reisa heim att til Hardanger og henta inspirasjon frå hardingfeleslåttar. Ein stad midt i mellom har dei funne kvarandre både i lynne, som komponistar og som utøvarar. På utgjevinga har dei mellom anna tonesett 3 dikt av poeten Per Olav Kaldestad frå Stord. Børsheim bidreg og med tre eigne tekstar. Dei er båe opptekne av sterke melodiar og freistar å framheva desse ut i frå verkemidla dei har tilgjengeleg. Deira publikum nyttar ord som ettertenksomt, ærleg og vakkert i skildringa av musikken.
Produsent på utgjevinga er den kjende svenske musikaren Esbjörn Hazelius som har vore sentral i mange av Sofia Karlsson sine produksjonar og spelar i duoen Hazelius/Hedin. Hazelius bidreg på tre låtar på denne utgjevinga.
Duoen Djønne & Børsheim slepp si fyrste duoplate
Populærmusikk frå Hardanger
Djønne & Børsheim er dei to folkemusikarane Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim frå Hardanger. I fem år har dei spelt saman og turnert i inn- og utland - no er dei klare for å sleppe si debutplate som duo; Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger. På denne plata finn ein 10 eigenkomponerte låtar, inspirert av fortida og notida sin populærmusikk.
Denne artikkelen er over 12 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.