Draumen som gjorde at Nikolai vann, har han sjølv skildra på følgjande måte:
"Min draum er å bli folkemusikar og å reise rundt og formidle den fantastiske folkemusikken i landet vårt. Til no har eg leigd fele av læraren min. Draumestipendet vil hjelpe meg til å skaffe mitt eige instrument."
"Draumestipendet" består av 100 stipendier à 10 000 kroner - til sammen ein million kroner.
Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.
- Gjennom denne stipenutdedelingen ønsker vi å synliggjøre kommunenes arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Drømmestipendet skal være verdifull inspirasjon og et viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøveres drømmer, kan vi lese på heimesida til ordninga.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag gratulerer Nikolai Storevik med stipendet, noko vi i Folkemusikk.no sjølvsagt sluttar oss til.
På denne adressa kan du lese meir om draumestipåendet, og ikkje minst høyre Nikolai Storevik spele slåtten "Nordfjorhallingen". Heimesidene til Sogn og Fjorane Folkemusikklag finn alle interesserte her.