Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) har som føremål å fremje, verne og føre vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar.

Rff er ein arkiv-, undervisnings- og forskingsinstitusjon organisert som ei stifting med eit styre og med Rff-sentret som utøvande organ. Sentret har dokumentasjonsverksemd og arkivdrift som sentral del av verksemda si.Institusjonen har dei største samlingane av både folkedans og folkemusikk i Noreg, og truleg den største samlinga av folkedansdokumentasjon i Nord-Europa. Samlingane ligg på eit breitt spekter av ulike medier.

Rff-sentret er tett integrert med Program for dansevitskap ved Institutt for musikk ved NTNU. Verksemda held til i NTNU sine lokale på Dragvoll i Trondheim, i tillegg har vi tilsette som har arbeidsplassen knytttil prosjektet "Bygda dansar" i 3 ulike fylke.

Leiaren for Rff-sentret går no av med pensjon og vi søker difor etter ny direktør. Direktøren har ansvar for å leie både den faglege, administrative og kulturpolitiske verksemda ved Rff-sentret.

Vi ser etter ein leiar som:

  • Har kunnskap om den folkelege, immaterielle kulturarven og norsk kulturpolitikk.
  • Gjerne har erfaring frå folkedans ellerfolkemusikk, eller eit av fagområda dei høyrer inn under.
  • Har kunnskap om forskings- og utdanningskoordinering, og viser initiativ til å setje igang slikt arbeid.
  • Har ein open og inkluderande leiarstil og som ønskjer å utvikle organisasjonen og den enkelte medarbeidaren.
  • Kan byggje sterke relasjonar til eksterne samarbeidspartnarar og som gjerne har erfaring frå internasjonalt arbeid.
  • Er strategisk og strukturert og legg vekt på å nå resultat.

Stillinga krev høgre utdanning, helst på førstestillingsnivå. Relevant erfaring og sterke leiareigenskapar kan erstatte manglande formell kompetanse.

Rff-sentret kan tilby ein unik posisjon i norsk kulturliv som omfattar:

  • ei leiande rolle i utviklinga av folkedans og folkemusikk
  • å vere leiar for eit sterkt fagmiljø
  • eit nært og formalisert samarbeid med NTNU om utdanning og forsking
  • internasjonalt fagleg samarbeid
  • løn etter avtale (Statens regulativ)
  • pensjonsordning

Tiltreding etter avtale. Stillinga er ei 6-årig åremålsstilling, med høve til prolongasjon for ein ny periode.

Søknad med CV og kopiar av vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenke på denne sida (søk stillingen).

Søknadsfristen er 15. februar 2013.

Nærare opplysningar og stillingsomtalar kan du få hos styreleiar Vegard Opheim, tlf 480 57 136