Din veg er eit nyskrive verk av komponist og musikar Knut J. B. Kristiansen. Tekstane er skrive av lyrikar Olav H. Hauge. Tonespråket skal vere klassisk moderne og godt forankra i det folkemusikalske uttrykket. Din veg er komponert for song/kveding, hardingfele/viola da gamba og klaver.

Konserten var eit samarbeid med festivalen Hardingtonar, som også gjekk føre seg denne helga. Her medverka elles m.a. Bergen Filharmoniske Orkester , Mari Boine, Arve Tellefsen og Kåre Nordstoga , Njål Sparboe og Christianssand String Swing Ensemble.
 
Kunsthuset Kabuso er ein del av Hardanger og Voss Museum, og ligg i sentrum av Øystese i Kvam. Her vert det året rundt skipa til konsertar, utstillingar og andre arrangement, i eit lokale med utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna.

Konsertane omfattar både folkemusikk og klassiske matinékonsertar, men òg  jazz, viser og populærmusikk. Også i år blir det konsertar på Kabuso heile sommaren, der det folkemusikalske aspektet nok er særleg tydeleg tysdag 19. juli.

Då kjem Ragnhild Hemsing, fele/fiolin, Gunilla Süssmann, piano, og Hallgrim Hansegård frå Fikar med dans. På programmet for denne konserten står Edvard Griegs Fiolinsonate og Lasse Thoresens Yr for solofiolin og solodans. Denne tilskipinga er eit samarbeid med EGM Troldhaugen.

Interesserte kan lese meir om Kunsthuset Kabuso på denne lenka. Du kan òg finne ut meir om Hardingtonar-festivalen ved å gå hit.