Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Det syng! Ballader på vandring

det_syng

Utøvarane i "Det syng!" Ballader på vandring er Agnes Buen Garnås, Halvor Håkanes, Eli Storbekken, Sinikka Langeland og Anne Marit Jacobsen.
Med dette programmet vil dei vere med på å vise den frodige variasjonsrikdomen som finst i tradisjonen, og den underlege vandring dette materialet har vore og er på, over landegrensene med sine lokale eigenarter og fleirnasjonale inspirasjon.

Alle balladane i programmet finst i minst tre nordiske land. Mange av dei finst óg i andre land i verda, der dei kan ha sitt utspring frå mange generasjonar sidan. Nokre har óg vandra ut etter å ha blitt til i vårt nære landskap. Det musikalske og tekstlege innhaldet har blitt utforma ulikt på dei stadene dei har slege rot.

Dei syng lokale variasjonar, nokre har dei sett saman av ulike tonar i ei og same vise. Toneversjonane og tekstvariantane kan vere ulike, men om ein leitar etter felles trekk, finn ein det óg både innover i eige land og i andre land sine songar.
Lokk og laling er rop som er kome til i, og fortel om einsemd og lengt, lengt og mot å meddele, lytta til og ta del i lydar og uttrykk frå natur og andre menneske som svarar til,..slik byrjar Det syng.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk