- Amatørane er ein stor og viktig bidragsytar i det norske kulturlivet og heilt nødvendig for rekrutteringa til det profesjonelle feltet, seier leiar i NU Endre Kleiveland.
- Samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar er både spanande og viktig. Og vi er stolte over å kunne vise fram god og nyskapande scenekunst i grenselandet mellom det profesjonelle og folkelege.
Prosjektleiar Nina Fjeldet, fortel at ein i Noreg har eit mangfald av lokale dansetradisjonar. Prosjektet har handla om å fordjupe seg i eigen tradisjon, samt finne eigen og felles identitet som dansar. Saman med profesjonelle folkedansarar, musikarar og koreografar har dei satt dette inn i ei moderne ramme på scena.
Det nordiske talentprosjektet Nordic Dance 2012 består av fire folkedanstalent og to folkemusikktalent frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg. Pedagogisk og kunstnarleg ansvarlege er Vegar Vårdal (No) og Paula Kettu (Fin). Noregs Ungdomslag står bak prosjektet som hovedarrangør.
Tuva Syvertsen, vokalist kjend frå folkemusikkgruppa Valkyrien Allstars har gjort det godt dei siste vekene i konkurransen Stjernekamp på NRK. Artistane som er med blir utfordra i ukjende sjangrar, og i morgon vert det altså folkemusikk og folkedans i beste sendetid på statskanalen.
Det frivillige kulturlivet - ikkje berre ei leikestove
Folkemusikk-kamp på NRK
NRK sitt program Stjernekamp har denne veka temaet folkemusikk og ein av bidragsytarane her er talentprosjektet Nordic Dance2012. Her får ein sjå at gode utøvarar ikkje berre finst innanfor dei store utdannings og kulturinstitusjonane eller profesjonelle scenekunstmiljøa.
Denne artikkelen er over 9 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.