Kanskje har det av og til gått litt varmt under tropehjelmen hos somme, eller ein har vorte biten av ein ny og eksperimentell basill fjernt frå våre eigne bogestrok. I jungelen av kreative krumspring kan det vera verdt å stane opp, ta fram macheten og rydde litt. Da vert det mest tradisjonelle motstraums, slik folkemusikken i alle fall gjennom dei siste tiåra kan seiast å ha vore det. Men er det slik at det må storstilt staffasje og høg wow-faktor til for at folkemusikken skal nå ut til publikum? 

Sjefane i NRK ser ut til å meine det. Dei går til og med så langt som til å seia at folkemusikken i dag er hovudsakleg for folkemusikarar. 

"Dette handlar om vilje, ikkje om reknestykke." 

– Vi trur folkemusikkanalen vender seg til eit meir utøvande publikum enn NRK Klassisk, som er meir for dei som liker å høyre på klassisk musikk, seier radiosjef Marius Lillelien i eit intervju i denne utgåva av bladet Folkemusikk. Sagt med andre ord: Det er berre utøvande folkemusikarar som liker å høyre på folkemusikk. 

Dette er sjølvsagt reinspikka tøv. Tropefeberen kan gjera seg slike utslag at ein argumenterer seg langt bort og vekk frå kjernen. Skoddepreik frå feberfantasiar. Vel må vi som er glade i folkemusikk, innsjå at det nok ikkje er dei store skarane som strøymer til kanalen NRK Folkemusikk. Men spørsmålet er meir: Kor mange lyttarar må ein ha før ein kan seia at det er mange nok? Og kva er eigentleg wow-faktor? Ein ting er i alle fall sikkert: Wow-faktoren kan ein finne både i energien som oppstår i samspel og nye møte mellom ulike musikarar og instrument og, i minst like rikt monn, i den nakne, reine slåtten, framleikt av den eine spelemannen aleine. Og sjølv om vi lever i ei tid der også statskanalen har bukka under for kommersialiseringspresset, har dei framleis eit ansvar som ålmenn kringkastar. Dette handlar om vilje, ikkje om reknestykke. 

"Så kvifor utnyttar ikkje NRK denne styrken, denne krafta?"

Men det handlar også om å forstå sitt publikum. Det er ikkje berre frukttrea som blømer i Hardanger. Det gjer også rekrutteringa til folkemusikken. Kvifor? – Eg trur det handlar om ei forundring hos dei unge over den krafta som finst i den tradisjonelle musikken. Det er ein enorm styrke i det, seier Knut Hamre. Så kvifor utnyttar ikkje NRK denne styrken, denne krafta? Dei har gjort gull av «gråstein» før, gjennom til dømes «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», «Dialektriket» og «Typisk norsk» – alle konsept som dreier seg om noko djupt rotfesta og samstundes sterkt motstraums. 

Tradisjonsmusikken og posisjonen han har og bør ha, påverkar oss sterkt på det emosjonelle planet. Saka med NRK og folkemusikksatsinga er eit godt døme på dette. Det har med identitet å gjera, akkurat som til dømes dialektane og det «typisk» norske har det – anten det nå er i den eine eller den andre tappinga. Dei nemnde programma har synt eit heilt fjernsynskikkande folk at det tilsynelatande vanskeleg tilgjengelege kan ha stor verdi, når og om det berre blir tatt på alvor. 

Og folkemusikken har kraft til å stå i ei særstilling når det gjeld identitetsskaping. For få, om nokon andre, sjangrar kan syne til større samhandling mellom den nye og den gamle tid. Det går hand i hand. Ja, det er ein jungel der ute. Men folkemusikken har hatt og har sine stifinnarar. Denne nye utgåva av bladet Folkemusikk er ein hyllest til dei som har rydda veg, dei som finn att og merker gamle råker, og dei som i dag stikkar vegen inn i framtida.  
 

Bjørn Kjellsson Sletten
Redaktør i bladet Folkemusikk