Med ei mengd ulike felestille, vekslande temperament i spelet, og slåttar som svingar på mange dalars ulike vis, er dette musikk som også dei som ikkje er spesielt innvigde i hardingfeletradisjonen kan få stort utbytte av.

Konserten på Ekspedisjonen på Lofthus vert og ein del av innviing av den nye scena. Det blir spanande for både arrangørar, musikarar og publikum å få testa både akustikk og funksjon.

Dei Beste Damene er Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset, nokre av dagens fremste hardingfelespelarar. Dei formidlar eit stort mangfald av klangfargar og rytmikk, og det er tre tydelege og sterke musikalske uttrykk som kjem til syne når damene spelar slåttar med svært personleg signatur.

Dei Beste Damene ga ut CDen "Soli" på selskapet ta:lik hausten 2010. Den vart heidra med Folkelarmprisen i klassa for soloutgjevingar på Folkelarm september 2011.

Som representantar for tradisjonell hardingfelemusikk frå Hardanger, Telemark, Sogn og Valdres, forvaltar Dei Beste Damene eit relativt ulikt repertoar med tanke på form og stil. På konsertscena spelar dei i all hovedsak solo, men i nøye utvalde samspelnummer får vi høyre dei spele saman.

Teigland, Hytta og Bjørset er alle meritterte utøvarar med lang og brei erfaring som musikarar i ulike konstellasjonar. Som solistar har dei alle tre gjeve ut kritikarroste plater.

Slik ser turnélista ut:

14. februar: Ekspedisjonen, Lofthus
15. februar:  Bjåen Fjellstove, Bykle
16. og 17. februar:  Vinterfestivalen på Rauland
18. februar: Bergtun, Hjartdal
2. mars: Kongsbergmarken

Nettsida til Dei Beste Damene finn du her. Du kan lese alt om Folkelarm 2011 på denne lenka.