Jørn Hilme-stemnet, Valdresmusea og bladet Folkemusikk arrangerer for fyrste gong kulturpolitisk debatt under stemnet. Arrangørane kastar ut følgjande problemstilling: Har vi på vegen mot profesjonalisering og festivalvekst mista banda til grasrota og vår eigen sjangers historie? Dei som skal svare på problemstillinga er stortingsrepresentant Olemic Thommessen (H), idealist og dansar Randi Rust, dagleg leiar for Austnorsk folkemusikksenter Bente Ingholm Hemsing og styreleiar i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans Maria Høgetveit Berg.

Dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, Stian Roland meiner det er på tide med ein diskusjon om utviklinga i folkemusikkmiljøet.

- Folkemusikk-Noreg har vore gjennom ein enorm profesjonalisering og økonomisk vekst dei siste 10 åra. Spørsmålet er kva slags utfordringar dette gjev eit miljø som i botn er tufta på breidde, grasrot og mykje frivilligheit.

Debattantane får fem minutt kvar i starten av debatten der dei får koma med innspel og synspunkt. Etter ei kort pause blir det opna for spørsmål frå salen.

Debatten er støtta av Fritt Ord.

Meir om Jørn Hilme-stemnet finn du her!