Den flotte salen i Fana Kulturhus, med stolar i amfi og teknisk utstyr av ei annan verd, sette ei perfekt ramme for framsyninga. 15 unge dansarar stod på scena og vart møtt av eit entusiastisk og talrikt publikum; heile 130 hadde møtt fram. Dansarane hadde jobba med koreografiane sidan august under regi av Endre Kleiveland, og dei var overivrige etter å sette i gang.

Første nummer bestod av ei veksling mellom halling og samtidsdans – ikkje så ulikt kvarandre! Tonar frå ein jazza saksofon sette publikum i den rette stemninga. Folkjazz-trioen Kefir Kulturformidling med flatfele, flygel og saksofon stod for musikken saman med spelemannslaget Audhilds. Dette gav eit variert musikalsk uttrykk med både tradisjonelt slåttespel og folkemusikk ispedd ein heil del improvisert jazz.

Danseskostredet viste mellom anna fram vals i mange ulike takter, ein gjennomkoreografert ril i eit forrykande tempo, telespringar med 14 (!) følgje og litauisk song, men også tradisjonelle dansar som valdresspringar og rørospols. Folkedans på ein annan måte begeistra publikum stort, og responsen var jubel og ståande applaus!

Bergen ungdomslag Ervingen er ein ideell kulturorganisasjon med folkedans, folkemusikk, amatørteater, kor og målpolitikk som hovudaktivitetar. BUL  Ervingen vart skipa 2. mars 2005, og er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.
 
Bergen har som kjend lange og gode tradisjonar for folkemusikk. Bergen ungdomslag Ervingen har som mål å ta vare på desse på ein god måte. Dei har difor  eit eige spelmannslag. Bergen Juniorspelmannslag, som er for dei under 18 år, og Audhilds som er for dei over 18 år. Spelmannslaget er, i tillegg til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, innmeld i FolkOrg.

Interesserte finn heimesida til BUL Ervingen her. Folkemusikk.no takkar Sigrid Ølmheim for at ho sende inn denne teksten, og oppmodar folkemusikk- og folkedansinteresserte over heile landet til å sende oss stoff frå sine nærområde!