I skrivande stund er det VM på ski i Oslo. Men kva har tema som idrett i ein leiarartikkel i Folkemusikk å gjera, tenkjer du. Mykje. Dei stereotype haldningane om kjønnsrollene går att i både folkemusikken og idretten. Det dreier seg om fordommar mot kvinner og menn som bryt grenser for kva som er akseptabelt å gjera – som mann, og som kvinne.

Under skidagane i Oslo vart det tevla i mange disiplinar. Ein av dei skil seg ut: Hopp for kvinner. Det var andre gongen i historia at kvinnene deltok i sin eigen verdsmeisterskap. Og flott er det. Men framleis er det nokon som meiner kvinnene ikkje skal hoppe på ski. Kampen for full likestilling er heller ikkje over. Framleis får dei ikkje delta i OL.

Argumenta mot kvinner som hoppar, er synlege – i dag som for 80 år sidan: Det høver ikkje, og dei er ikkje gode nok. Tida er heller ikkje moden, som Jan-Erik Aalbu uttrykte det i Eurosport-bloggen sin 11. mars i fjor. Dei er for få, og det finst ikkje noko miljø, blir det sagt. Dei aktive jentene er unge og umodne, lik ein ”barnehage”, som FIS-president Gian-Franco Kasper nyleg uttalte. Motstanden fylgjer eit historisk mønster: Før i tida ville ein ikkje ha ”sirkus” i bakken. Dessutan måtte dei passe på underlivet sitt. Hoppinga gjorde skade, var det sagt den gongen.

Fordommane kjem også til uttrykk i måten vi snakkar om kvinnelege skihopparar. Det avslører kva som er akseptert, og kva vi opplever som normalt. Eit omgrep som har festa seg hjå både kommentatorar og andre, er kvinnehopp, nærast som ei anna grein enn menn som hoppar. Men vi snakkar ikkje om gutehopp, eller om guteskiflyging? Eller om gutesymjing, guteskiskyting og gutebob?

Språklege klisjear og haldningar til kropp og kjønn finn vi i alle miljø. Likestiller vi prestasjonane til menn og kvinner i folkemusikken, eller dyrkar vi kjønnsforskjellane også her? Eg har høyrt fleip og nedsettande kommentarar om karar som spelar frøkenspel. Etterfølgt av lett humring er det på ingen måte positivt meint. Men har damer eit anna uttrykk i spelet sitt enn menn, som gjer det legitimt å snakke om eit særleg damespel? Vi spelar – uavhengig av kjønn, gjer vi ikkje?

Haldningane er ikkje av ny dato, men er forankra i historia, og forma gjennom kulturen – ikkje minst gjennom kappleikane. Dei har vore normdannande for kva som er rett – og feil. Kropps- og kjønnsideala kjem særleg til uttrykk i pardansen og i hallingen. Kvinnene skal danse med menn, men dei skal ikkje skyve mannen ut av den naturlege leiarrolla. Dei må gjerne utfordre mannen, med kvinnelist og feminine trekk. Men dei må ikkje danse som menn, ape etter dei eller vera karslege. Reglane gjeld motsett for menn: Dei skal føre kvinna, flørte med henne med stil, eller mannleg råskap.

Det finst arenaer der kvinner – tradisjonelt – har vore plassert på sidelinja, eller på stolen, rettare sagt, som hattehaldar. Hallingen. Ei og anna kvinne på golvet er greitt, litt krydder i kvardagen, men ikkje meir. Dei få som har dansa, har fått stor åtgaum, og vorte beundra, men dei må ikkje bli for mange. Motstanden mot kvinnelege hallingdansarar sit laust, både blant menn og kvinner. Og kritikken mot kvinnelege hallingdansarar liknar kritikken mot kvinnelege hopparar. Dei er få, manglar ein tradisjon, og er ikkje på høgd med menn.

Det er ikkje greitt at jenter møter motstand i skibakkane. Det er heller ikkje greitt at jentene blir latterleggjort for å utforske hallingen og potensialet i dansen. Stivna og alderdommelege kjønnsroller er ikkje lenger relevante for morgondagens folkemusikarar.

- Knut Aastad Bråten

Denne leiaren står óg på trykk i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, nr. 2 / 2011. Du kan som vanleg lese meir om Bladet Folkemusikk på denne sida hos Folkemusikk.no.