Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Romsdal Spelemannslag

Dans på Stabbursloftet

Romsdal Spelemannslag - Dans på Stabursloftet (RSCD, 2009)

Romsdal Spelemannslag - Dans på Stabursloftet (RSCD, 2009)

Romsdal Spelemannslag vil lokke deg ut på dansegolvet, anten det er i stova, festsalen eller stabbursloftet

Den 7. januar 1936 kom nokre spelemenn frå Romsdal saman på Hotell Bondeheimen i Molde for å skipe Romsdal Spelemannslag, som dermed er eitt av dei eldste spelemannslaga i landet. Men det er først dei siste tiåra laget har sett varigelydspor etter seg. LPen ”Dans under Trollveggen” kom i 1977, og CDen ”I Romsdalstakt” i 1997.

- 12 år seinare meinte vi det var tid for ei ny utgjeving. Dei gamle platelagra er nesten tomme, etter jamt sal år etter år. No trengst det påfyll av nytt materiale, og dei godemelodiane har lenge vore klar for innspeling. Resultatet var ”Dans på stabbursloftet”, som kom 29. august 2009.

Det er viktig å ta vare på folkemusikktradisjonane, og denne CDen er eit lite bidrag. Spelemannslaget har fått høve til å gå gjennom skriftleg materiell og gamle lydbandopptak av fleire gamle spelemenn i Romsdal, og har funne fram mange gode slåttar. I tillegg har laget tre komponistar i eigne rekkjer, Arnold Farstad, Guttorm Roaldsnes Ulvund og Trygve Jenset – og ein som veit kor folkemusikalske godbitar er å finne, Bergtor Gjerde.

- Den nye CDen inneheld 20 melodiar, inkludert ein flott versjon av ”Romsdalspringaren” med vår musikalske leiar Leidulv Stokkeland -- og ein nydeleg springar frå Tresfjord framført av mor og dotter, Liv og Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Ei eiga gruppe i laget tolkar kjenslevare stemningar frå ”Seilerhytten” på Hjertøya. Drivande rytme kjenneteiknar dei fleste melodiane. 

Du kan lese meir om CD-utgjevinga og Romsdal Spelemannslag på denne heimesida. Her finn du og nærarere omtale av slåttane på denne plata.


| E-mail this | Print this |
Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk