- Dei yngste finn sin plass i ”Basken”, barn og ungdom får opplæring hos Martin og Gunnlaug, medan dei vaksne kosar seg på dansefest eller dansekafé. På denne måten føler me at me når ut til alle aldersgrupper i vårt nærområde. 

Slik forklarar Ingebjør Sørbøen, leiar i Ål spel- og dansarlag, korleis dei arbeider med dansen i laget.

På Ål dansar dei i alle aldrar. Og det startar med dei små. 

Laget samarbeider med Ål Kulturskule om dansetilbod for dei minste. 

- "Basken" heiter denne gruppa, og er for dei yngste ungane. Her vert dei introdusert til dansen og spelet i veldig ung alder. Mange av dei som går i Basken startar med eit instrument eller dans etterpå, fortel Sørbøen.  

Sentralt i danseopplæringa er også ungdomshuset Hugnadheim, som er ein fast møteplass for dans. Her har det i mange år vore stor aktivitet fleire dagar i veka med dans, spel og song der ekteparet Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr har vore og er drivkrefter. 

- Laget støttar Martin og Gunnlaug  sin aktivitet på Hugnadheim, og mesteparten av frifondmidlane våre går direkte til dei, fortel Sørbøen.  

Ekteparet Myhr er kjent for sitt rekrutteringsarbeid for born og ungdom, og i ein av nominasjonane som kom inn til «Årets lokallag» vart Hugnadheimen og aktiviteten der trekt fram som særskilt bra. 

- Martin og Gunnlaug har lagt ned ein enorm innsats og skapt eit strålande miljø i arbeidet med å lære barn og ungdom tradisjonane våre her i Hallingdal å kjenne. Her har det vorte eit stort miljø som femner om barn og ungdom frå heile Hallingdal, heiter det i ein av nominasjonane til laget. 

Men også dei vaksne har sine dansearenaer på Ål.  

- Hausten 2012 og vinteren 2013 hadde me fleire bygdefestar i regi av laget, der dansen stod veldig sentralt. Me hadde gode dansespelemenn, og blant anna P.A.Røstads Orkester og Kvarts, fortel leiar Ingebjør Sørbøen.  

Laget har også nokre mindre dansearrangement. Hausten 2013 hadde dei fokus på dansekafèar på Sundrehall. 

- Dette har vore veldig vellukka, og er noko som me ynskjer å fortsetje med. Kvar gong har me hatt èin times danseopplæring, som er gratis for alle, før dansekafèen trør i gong. 

Danseaktiviteten på Ål er stor, og resultata på Landskappleiken dei siste åra er eit bevis på kva dette miljøer har, og har hatt, å seia. Laurdag 21. februar i år var det også ein merkedag. Då stod mange av ungdommane på scenen på Riksscenen i Oslo i framsyninga  "Ung halling" i samband med at Martin Myhr var månadens artist på Riksscenen. 

Ål spel- og dansarlag jobbar for å halde den lokale dansen og musikk-kulturen levande i Ål og heile Hallingdal. Det merkast. 

- Me har ingen favorisering av medlem eller ikkje medlem, dette er viktig for oss for å skape eit miljø i nærområdet. Ål spel- og dansarlag ynskjer at folk på Ål skal merke at dei har eit aktivt lokallag, om dei er tilknytt laget eller ikkje, avsluttar Sørbøen. 

Ål spel- og dansarlag er eitt av tre nominerte lokallag til prisen Årets lokallag, som vert delt ut under årsmøtet i FolkOrg denne helga.

> Ål spel- og dansarlag på Facebook

> Ål spel- og dansarlag sine heimesider