Opplæring og vidareføring av tradisjonane i spel og dans har stått sentralt i det laget gjer. Og opplæringa startar tidleg. I 2006 vart barnegruppa ”Rupungane” starta. Gruppa femner om born i alderen 5-10 år og har øvingar kvar veke gjennom heile vinteren. Rupeungane er ikkje noko tradisjonell leikarring, her er det tradisjonsmusikken som står i fokus. 

Her lerer ungane ulike bygde- og runddansar, songleikar og tradisjonelt songstoff frå Jostedalen, Vestlandet og Noreg. Men under øving og på framsyningar vert desse songane og dansane kombinert med sjølvlaga forteljingar og dramatisering.  

Gruppa har hatt ei mengd lokale framsyningar, men har også synt seg fram på Fylkeskappleik, Vestlandskappleik, folkemusikkfestivalen i Førde og på Smørbukk-kappleik. 

Samdansen
Dansepar i aksjon under dansekvelden Samdansen.

Faste danseøvingar

Laget har faste danseøvingar i Jostedal kvar 14. dag frå haust til vår. Her er det litt instruksjon, i både gamaldans og bygdedans, og det er i tillegg eigne springar-øvingar i same periode. Laget er også involvert i Lystringen – ei dansegruppe som også har øvingar kvar 14. dag i heile vinterhalvåret. Øvingane føregår i kommunesenteret Gaupne med gamaldans, leikdans, bygdedans og noko instruksjon. Dansemusikken er det lokale spelemenn som står for. 

Laget deltek på fylkeskappleikar, vestlandskappleikar og landskappleikar med bygdadans og runddans og har stilt på alle runddans-tevlingar på landsfestivalen.

Aktiv arrangør

Laget har i mange år vore ein ivrig arrangør av kurs og arrangement. I fleire år har laget samarbeida med tre andre lag om å arrangere ”Samdansen” på Hafslo. Dette er ein gamaldanskveld for ”alle” som har vorte eit populært samlingspunkt for dansarar i heile Indre Sogn. Her spelar dei beste gamaldansgruppene i området til dans.  

Jostedal har også vore arena for større kurs og folkemusikk-samlingar der ein har engasjert kjende instruktørar frå ulike delar av landet. Ami Petersson Dregelid, Ellika Frisell, Håkon Dregelid, Kirsten Friis og Stian Roland er berre nokra av dei som har vore innom som kursleiarar. Desse samlingane har hatt deltakarar frå heile fylket.

I år har laget starta eit nytt danse-prosjekt med opplæring i skulen. Alle ungdomsskulane i kommunen har stilt kroppsøvingstimar og musikktimar til disposisjon for dette. Ein når med dette alle ungdomane i dei aktuelle aldersgruppene, og det blir no jobba med å få danseprosjektet inn i Den kulturelle skulesekken.

 

Rupungane
Her er det Rupungane som er på scena under Sognatrad.

Utanfor kommunegrensene

Laget har også engasjert seg utanfor kommunegrensene. For to år sidan disponerte laget heile Sogndal kulturhus ein heil dag der det vart arrangert småkurs i song, spel og ulike danseformer. I tillegg var det eige opplegg med dans for dei minste. Her fekk folk ein smakebit av mangfaldet i folkemusikken - dansen gjennom deltaking, og oppslutnaden var stor, fortel leiar J ”Sognatrad” vart avslutta med stor konsert om kvelden. 

Til slutt kan det nemnast at laget kvart år arrangerer ”nabotreff” – ei helg om våren der nabolag vert invitert til dans og triveleg samkome. i tillegg til å arrangere Vestlands- og Fylkeskappleik

Me har med andre ord å gjere med eit særs vitalt lag. 
 

Jostedal spel- og dansarlag er eitt av tre nominerte lokallag til prisen Årets lokallag, som vert delt ut under årsmøtet i FolkOrg denne helga. 

> HER ER HEIMESIDENE TIL JOSTEDAL SPEL- OG DANSARLAG

Om FolkOrg og «Årets lokallag»

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og danselag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner stor aktivitet gjennom mellom anna:

  • Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.