Svidal er utdanna folkemusikar frå Ole Bull Akademiet og Norges musikkhøgskole, og har hatt konsertar og kurs i inn- og utland.
I tillegg reknas ho som ein dyktig dansar med brei erfaring i scenisk arbeid gjennom mellom anna fleire oppsettingar ved Sogn og Fjordane Teater - og i hovudrolla som den vesle prinsen i teaterstykket med same namn.
”Den vesle prinsen” hadde premiere under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2006. Dei siste åra har Svidal arbeidd som frilans musikar og produsent.
I oktober var elles over 30 ungdomar i alderen 13-20 år samla til dans på Torpo i Hallingdal. Gunnlaug Lien Myhr, Ola Stave og Stian Roland var danseinstruktørar. Øyvind Brabandt og Sjur Borge spelte. Prosjektet er inne i sitt andre år og rekrutterar framleis nye deltakarar.
Prosjektleiarane Gro Marie Svidal og Martin Myhr ser no fram til arbeidet mot den fyste forestillinga i Danseru´, som kjem våren 2011. Folkedansprosjektet "Bygda dansar" starta i Buskerud i 2009, og vil arbeide der heilt til våren 2012.
www.bygdadansar.no. Du finn og meir om Gro Marie Svidal i Folkorg sin utøvarkatalog.