"Pål Olles väg" er navnet på plata til trioen Anders Bjernulf, Fredrik Lindh og Lars-Gunnar Björklund og er nominert til årets folkemusikkskive under Manifestgalan 2009 http://www.dt.se/noje/article389444.ece

Fredrik Lindh vart i siste minutt forhindra i å koma, men dei fekk med seg ein superreserve i Pers Hans Olsson (biletet) som er kjend frå samarbeid med Fred Åkerström, Cornelis Wreejsvik, Björn Ståbi, Hans W. Brimi, Knut Hamre og Sven Nyhus for å nevne nokon.

Anders Bjernulf er primus motor i gruppa, og har hatt Pers Hans som læremeister. Han vart riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987, og har sidan spelt ei mengd konsertar, både solo og i samspel med folk som t.d. Knut Hamre og Arto Järvelä, og hatt eit uttal elevar i både Sverige og elles i verda.

For musikkdøme:
http://www.myspace.com/bjernulfbjrklundlindh

Onsdag 10.06 kl. 19.30 : Osterøy museum (Gjerstad)
Torsdag 11.06 kl. 20.00: Agatunet (Aga)
Laurdag 12.06 kl. 15.00: Haukeliseter

Velkomne på konsert med legendariske svenske spelmenn.