Prosjektet har gått sigrande i fleire fylke, og det er knytt stor spenning og forventning til korleis prosjektet vil ta form og finne plassen sin mellom ungdom i området.
- Det er ei glede å få lov å tildele Bygda dansar til Hedmark, seier prosjektansvarleg og direktør ved Rff-sentret, Egil Bakka. Fylket har eit aktivt folkedans- og folkemusikkmiljø og har dei siste åra satsa spesielt mot barn og unge. Vi håpar dei kan setje saman erfaringar frå eige arbeid med erfaringar vi har frå tidlegare Bygda dansar prosjekt, og slik skape eit godt grunnlag for arbeidet som skal gjerast.
Thomas Nilssen er tilsett som prosjektleiar i 50% stilling, og vil få det daglege ansvaret for prosjektet. Han er busett på Løten og har lang erfaring frå folkedans og folkemusikk. Nilssen er kjent frå mellom anna gruppa Over Stok og Steen der han spelar trekspel.
Inga Myhr, frå Trysil, er tilsett som prosjektmedarbeidar i 50% stilling. Ho avsluttar i desse dagar det første utøvarstudiet i folkedans ved NTNU i Trondheim, og har i studiet mellom anna fordjupa seg i dansetradisjonane i heimfylket.
- Vi er glade for at Thomas Nilssen og Inga Myhr har takka ja til arbeidet i prosjektet. Dei vil utfylle kvarandre og tilføre prosjektet solid kunnskap, erfaring, kreativitet, nyskaping og ikkje minst danseglede. Vi håpar heile folkedans og folkemusikkmiljøet i Hedmark vil slutte opp om prosjektet og vere med på å løfte folkedansen, avsluttar Bakka.
Fakta om Bygda dansar:
- Nasjonalt folkedansprosjekt i vidaregåande skule
- Prosjekta vert gjennomført fylkesvis og går over tre år
- Deltakarane får personleg vegleiing
- Undervisningsmetodane er nyutvikla
- Lagar innovative sceniske produksjonar og omarbeider og tilrettelegg folkedansen for ei moderne scene
- Sikrar at landet til ei kvar tid har folkedansarar på høgt nivå