- Vi er glade for at SAFFA (Samarbeidsutvalget for folkemusikk og folkedans i Akershus) tok initiativ til ein søknad som resulterte i tildeling, seier Gro Marie Svidal. Svidal er koordinator for Bygda dansar og har mellom anna den daglege oppfølginga av fylke som søkjer om å få prosjektet. Akershus har eit spanande repertoar i dans og musikk. Repertoaret speglar på mange måtar det geografiske området som inneheld både by og land. Det er kontrastar og likskap som kjem godt med når ein mellom anna skal lage sceniske framsyningar med folkedans.
Prosjektet vil formidle folkemusikk og dans til ungdom i vidaregåande skule mellom anna gjennom skulebesøk og slik rekruttere deltakarar til prosjektet. Målsetjinga er å skape øvingsarenaer kring i fylke der ungdomen kan møtast og jobbe med dans utanfor skuletida.
- Prosjektet vil ha behov for dansarar, instruktørar og spelemenn til øvingar, festar og framsyningar. I tillegg treng prosjektet initiativrike og hjelpsame dugnadsarbeidarar som kan vere med å skape dette til eit skikkeleg flott prosjekt, seier Svidal.
I Akershus vil prosjektet gå over tre år med oppstart hausten 2014. Det vil følgje skulekalendaren og verte avslutta våren 2017. – Det er tre spanande år der prosjektleiinga i samarbeid med miljøet i fylke kan danne grunnlaget for kulturutvikling og aktivitet som vil vere positivt for området også på lang sikt. Det er ein kjempesjanse til å nytte folkedansen og folkemusikken til vidare vekst, forklarar Svidal.
I konkurransen om å få tildelt Bygda dansar frå 2014, var det til slutt Akershus som trekte det lengste strået.
– For Bygda dansar er det viktig å ha eit vertsfylke som er i stand til å ta imot prosjektet på best mogleg måte. I Akershus er aktiviteten innanfor folkemusikk og folkedans stadig aukande og fylket satsar stort for å få folkemusikken og folkedansen ut til folk flest. Det er ei positiv haldning frå grasrota og inn i dei politiske korridorane. SAFFA har etablert seg som ein velorganisert organisasjon med stort kontaktnett og saman med dyktige einskildpersonar vil dei bli eit godt vertsskap for prosjektet, avsluttar Svidal.
Fakta:
Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt tilrettelagt for ungdom frå 16 til 19 år. Hovudfokus i prosjektet er formidling og vidareføring av norsk folkedans, samt omarbeiding og tilrettelegging av folkedans for scene. Det er utvikla og bygd opp av Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans, og vert i dag drive av stiftinga sitt eige senter, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret. Prosjektet vert gjennomførst fylkesvis og går over tre år. Prosjektet er finansiert gjennom midlar frå Kulturdepartementet og fylke. Hausten 2013 startar Bygda dansar opp i Telemark. I tillegg er prosjektet i gang i Vest-Agder og Hedmark. Våren 2013 blei prosjektet i Nord-Trøndelag av slutta.