I 2009 vitja heile 8900 publikummere Bornas Verdsdagar, anten i Narvik, Stavanger, Skien, Larvik eller Oslo. I år har sju byar arrangert sin eigen Bornas verdsdag – tre av dei for aller første gang. I tillegg til Førde har dette vore Asker, Larvik, Narvik, Oslo, Skien, Stavanger, Tromsø og Ås.

Rikskonsertane står for kompetanse og rettleiing under arrangementa, og er óg til stades med verkstadutøvarar under gjennomføringa. Under Bornas Verdsdagar i Førde vert det verkstader med m.a. afrobeat, Bollywood-dans, capoeira og brasiliansk musikk. Borna får óg ein liten smakebit av den rike folkesongtradisjonen i Sogn og Fjordane. Kirsti Timenes Bell frå Viksdalen har dei seinare åra hatt songstunder i barnehagane og småskuleklassane i Gaular, og har eigen verkstad under arrangementet.

Timenes Bell har fått repertoar og inspirasjon gjennom kurs i folkesong med fylkesmusikar Elin Grytting, og vil møte borna med song, rim, reglar og rytme . Andre utøvare og instrukørar under Bornas Verdsdagar i Førde er m.a. djempe-spelaren Kossa Diomandè (Elfenbenskysten), danserinna Lavleen Kaur (India), Mestre Maclau, Grupo União na capoeira og  Celio de Carvalho (Brasil).

Gjennom laurdagen vil det bli ein lesekrok på Førde Bibliotek med opplesing på ulike språk. På Førde Kino vil det visast korte filmar, der ein møter born i ulike kulturar i Lisjesalen. I tillegg vil det heile dagen bli mindre verkstader rundt i fellesområde på Førdehuset med hårfletting, hennamåling, maskelaging og ansiktsmåling.

Dei lokale medarrangørane for Bornas verdsdagar i Førde er Førdefestivalen og Førde Kommune. Også Fargerike Førde samarbeidar i år med Bornas verdsdag.

Du kan lese meir om alt dette på . http://bornasverdsdagar.wordpress.com/