Bensinstasjonen vart lagt ned for 10 år sidan, men no arrangerast det musikkfestival for tredje gong på den nedlagte bensinstasjonen i kulturkommunen Vinje i Telemark. Årets festival går av stabelen 2. – 4. august, og no er programmet komplett. På plakaten står fleire av landets fremste artistar.

Musikk i mange sjangrar

I den gamle verkstedhallen gjer Katzenjammer ein av særs få festivaljobbar i Noreg i sumar, Odd Nordstoga opptrer berre nokre kilometer frå heimplassen, og Susanne Sundfør gjer ein unik solokonsert.

- Me er ein sjangerfri festival der hardingfele, hip-hop og metall står side om side. På vår festival skal publikum få oppleve artistar dei kjenner godt til, saman med sterke artistar innan sjangrar dei kanskje ikkje er like godt kjend med. Me vil gje folk musikk dei ikkje visste dei lika, seier festivalarrangør Eivind Kaasin.

Felespel og avant-pop

På scena i år står også spelemannsprisvinnarane Amund Maarud og Shining, visesongaren Oscar Danielson, popkunstnaren Sandra Kolstad, samt folkemusikarane Blåmann Blåmann, Ottar Kåså, Daniel Sandén Warg og Solo Cissokho.

Til Vinje kjem også rockarane i Death by Unga Bunga, jazzmusikarane Mari Kvien Brunvoll og Streifenjunko, samt hip-hoparane Koppen og beat-gruppa Peter Berry & The Shake Set. Mellom konsertane speler Balkan Beat Party med Dj Prinsen Paulista plater, medan bingokongen Ronny Haugeland held Bingo.

Eksklusiv festival

Bensinstasjonen har særs liten kapasitet, og berre 400 publikummarar kjem inn på festivalen. Allereie er mange av billettane seld unna.

- Dette er ein unik sjanse til å oppleve god musikk i ein heilt spesiell setting. Sidan me berre har ein kapasitet på 400 publikummarar kjem ein tettare på artistane, og det vert nesten som tette klubbkonserter å regne, avsluttar Kaasin.

 

Arrangør av Bøgrend Autofest er konsertforeninga Havresekken, som i 2011 fekk prisen Ragnarrocktrollet for verdifull og betydelig grenseoverskriding og nyskaping på musikkområdet. Festivalen går av stabelen 2. – 4. august. Les meir på www.bogrend.no.