Då felespelarane i Majorstuen starta sitt musikalske samarbeid for 10 år sidan, hadde dei eit enkelt mål; dei ønska å utfordre både seg sjølv, instrumenta og den norske folkemusikken. - Majorstuen starta som eit uformelt studentspelemannslag på musikkhøgskulen i Oslo i 2000. I byrjinga var det med både fele, trekkspel og fløyte, men etter kvart etablerte det seg ein fast gjeng med felespelarar. Me blei veldig fasinerte av den feite felelyden som me fekk fram og digga konseptet, og difor held me framleis på!, sa Majorstuen i samband med 10 års-jubileumet og Folkelarm i 2010. Og Majorstuen held framleis fram med sin kreative musikalske leik. - Det har vorte tydelig for oss at me har ulike musikalske ideal, men som Majorstuen finn me ei felles kjerne. Me har eit akustisk ideal, berre strykeinstrument, og me skal utfordre rammene for instrumenta våre, og nytte dette som ei utfordring. Majorstuen sin musikk skal vera spennande både å høyre og å sjå på, seier dei.
Foto: Eivind Kaain
I AKSJON: Andreas Ljones og Jorun Marie Kvernberg frå Celtic Connections i 2010. Foto: Eivind Kaasin

Spelar inn live-plate

Dei neste dagane kan du oppleve denne gruppa på deira lille mini-turné. Med på vegen har dei lydteknikar og opptaksustyr, og det vert gjort lydopptak av alle konsertane. Opptaka skal resultere i ei eiga live-utgjeving.

- Me håpar så mange som mogleg kjem på konsertane og skapar liv og stemning,  seier gruppa og lovar ein slagerparade frå dei 10 siste åra, med låtar som mellom anna Havella, Busk, Villa Elba, Hjelmeset og Trondheimsfjorden.

Gruppa tjuvstarta tjuvstarta med gratiskonsert på Grendelagshuset  på Grünerløkka i Oslo måndag.  Dei neste dagane kan du oppleve dei på følgjande stader:


TURNÉRUTE


Onsdag  16.nov:  Osterøy museum
Fredag  18. nov:  Aasentunet, Ørsta
Sundag 20. nov:  Oppdalsmuseet
Måndag 21. nov:  Gamlehuset på Nes, Kleive


Du kan også sjå Majorstuen på NRK Nett-TV halde kontorkonsert for olje- og energidepartmentet her.