Det var kanskje spiren til eit nytt liv for tradisjonsmusikken på munnspel i Noreg, når det det i fjor haust vart halde eit landsdekkande kurs i tradisjonsspel på munnspel i Naustdal i Sunnfjord. Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Naustedalen Spelemannslag stod som arrangørar, og kurset samla 16 deltakarar frå heile landet. Instruktør for kurset var den svenske riksspelemannen John Erik Hammarberg
TRADISJONSSPEL PÅ MUNNSPEL: Deltakarane på munnspelkurset i Naustdal |
No er den svenske munnspel-legenda John-Erik Hammarberg på nytt invitert til Noreg, og denne gongen er det Gunnar Sørbotten frå Gudbrandsdalen som har teke utfordringa med å skipe til kurs. Kurset vert på Vinstra 15. og 16. april, og det vil bli lagt opp til at både nybyrjarar og litt meir vidarekomne kan delta. Arena for kurset vert Vinstra vidaregåande skule der spelemannslaget Spira ved folkemusikklina på skulen og lærar Tom Willy Rustad er lokale samarbeidspartnarar.
Laurdag kveld blir det open fest med kursdeltakarane og lokale spelemenn.
Interesserte deltakarar kan kontakte Gunnar Sørbotten e-post. gunnar@advisa.no
tlf. 61 29 61 15 / 922 37 077.
Det er førebels ingen påmeldingsfrist for kurset.