I tillegg til presentasjon av dei to blada, blir det intervju med redaktørane samt ein minikonsert med ein av dei fremste folkemusikarene i landet: Jan Beitohaugen Granli frå Øystre Slidre. Det blir også høve til å kjøpe utgåver og julegåveabonnement. 

Syn og Segn er i dag eitt av dei eldste tidsskrifta i landet, og det einaste med ein klår nynorskprofil. Bente Riise har sete på redaktørkrakken sidan 2006, og gjort fleire store grep for å vidareutvikle tidsskriftet. I 2010 var bladet kåra til det beste tidsskriftet i Noreg, og i Norden.

I grunngjevinga frå den nordiske juryen heiter det at: ”Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift i beste tyding av ordet. Det inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. Tidsskriftet har stor breidd både i sjanger og tema. Syn og Segn gir lyst til å lese meir og  tenkje vidare sjølv, og juryen anbefaler det på det varmaste.”
 
Den nordiske juryen skriv vidare: ”Syn og segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen.” 

Syn og Segn har fire utgåver i året.

Folkemusikk er i dag det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet er nytt av året, etablert på tuftene av historiske Spelemannsbladet og medlemsbladet Kvinten. Det nye bladet er eit resultat av samanslåinga av dei norske folkemusikkorganisasjonane i 2009.

Bladet har kontor på Fagernes, og har Knut Aastad Bråten som redaktør. Folkemusikk har som mål å opne folkemusikkfeltet opp for nye perspektiv og innfallsvinklar.

- Vi presenterer folkemusikk og folkedans i vid forstand. Vi  vil synleggjere både den norske folkemusikken, men òg kulturuttrykka til underkommuniserte og bortgøymde sjangrar og minoritetar, som til dømes den samiske musikken, romfolket sin musikk eller jødisk klezmer, seier Aastad Bråten. 

Folkemusikk har fem utgjevingar i året.

Sleppet blir på kulturkafeen Briskeby kafe midt i Fagernes sentrum, torsdag 16. desember kl. 19.00. Maten og praten startar kl. 18.00.