Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bjørset, Synnøve S.

SSB

Musikar, komponist og produsent, født 1979 i Jølster

Synnøve S. Bjørset er fortolkar og formidlar av tradisjonell hardingfelemusikk, særleg frå Sunnfjord, Sogn og Valdres. Ho har bachelor i utøving frå Norges Musikkhøgskole, og har i ei årrekkje gått i lære hos nokre av dei fremste hardingfeleutøvarane og tradisjonsberarane i landet, deriblant Håkon Høgemo. Ho debuterte i 2001 med soloutgjevinga Ram, som blei omfatta av innkjøpsordninga til Norsk Kulturråd. Ho er kvalifisert til eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og er frilansmusikar på fulltid. Ho var med i gruppa Marylands (1999 – 2002), og er no medlem i den kritikerroste og prisbelønte gruppa Majorstuen (2002). I 2005 var ho kvalifisert både som solist og med Majorstuen til Rikskonsertenes lanseringsprogram, INTRO-Folk, som Majorstuen til slutt vant. Ho har vore skodespelar og musikar på ei rekke framsyningar på Sogn og Fjordane teater, og har komponert og framført musikken til Peer Gynt – en forestilling for ungdom, som er satt opp av teatergruppa Thalias Døtre sidan 2005. I 2006 hadde ho showcasekonsert under Folkelarm i Oslo. Saman med hardingfelespelarane Anne Hytta og Åse teigland utarbeider ho konserten for tre solistar: Dei beste damene (2007), og saman med hardingfelespelarane Håkon Høgemo og Frank Rolland utarbeider ho konserten for tre solistar: Dei grovaste spelemennene (2007). Ho arbeider som prosjektleiar og produsent i samband med konsertar og plateutgjevingar.

 

Diskografi

2009 Slåttar (ta:lik)
2006 Juledrøm (MFC)
2004 Hardanger Fiddle (NORCD)
2004 Sommarkveld (Etnisk musikklubb) med Indre Sunnfjord spelemannslag
2004 Jorun Jogga (MFC)
2003 Majorstuen (2L)
2001 Ram (NORCD)

2001 Marylands (Heilo/Grappa)

Produksjonar

2006 Jorun Marie Kvernberg "Album" (ta:lik)
2005 Furnes, Holsen og Sandal "Hardingfelespel frå Sunnfjord" (ta:lik)
2003 Klaus Sande "Hardingfelespel frå Vik", (ta:lik)
2002 Sigurd Eldegard "Hardingfelespel frå Årdal", (ta:lik)

Priser

Spellemannprisen 2003 for plata Majorstuen (2L)
Hilmarprisen med Majorstuen (2005)
Nominert til Folkelarmprisen 2005 for plata Jorun Jogga (MFC 2004)
Vinnar av INTRO-folk saman med Majorstuen (2005)
Nominert til Spellemannprisen 2006 for plata Juledrøm (MFC 2006)
Kunstnarstipend frå Sparebanken Vest (2006)
Etablerarstipend frå Statens Kunstnarstipend (2006)
Nominert til Folkelarmprisen 2007 for plata Juledrøm (MFC 2006)
 

Presse/Kringkasting

Folkemusikktimen NRK P2
Firda (2004)
Dag og Tid (2006)
Nationen (2006)
 

Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk