Bjørn Kåre Odde (21), som også vann årets Furepris,  er ein ung lovande felespelar frå Lom spelemannslag som til dagleg studerer på Musikkhøgskolen i Oslo. Han vart overraska med kunngjeringa rett etter at han hadde stått på scena under Landskappleiken i Seljord. Sjølve prisen vert delt ut på høgfjellskonserten ”Ved Rondane” den 7.august, der solistar som Tine Thing Helseth, Sondre Bratland og Ingeborg Schübeler Gillebo står på scenen.

Øyvind Berghs minnepris går til unge lovande fiolinistar, og har vorte utdelt under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989. Minneprisen har ein verdi på 25 000 kroner, og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as og etterkomarane av Øyvind Bergh.

Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (første fiolinist i KORK), Gjermund Larsen (representant frå FolkOrg) og Vegard Moshagen frå Peer Gynt as.

Øyvind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter hans død vart minneprisen oppretta, i eit samarbeid mellom Peer Gynt as og etterkomarane av Øyvind Bergh. Prisen har tidlegare vorte delt ut til m.a. Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Andreas Skeie Ljones.