- Bakgrunnen for avslaget er generelt lite midlar til disposisjon, og at dei i liten grad prioriterer det dei kallar ”kjeldesamlingar”, skriv Sæta i ein e-post til Folkemusikk.no.
Det er Norsk Folkemusikksamling ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo som står bak prosjektet. Ifylgje ein pressemelding frå Sæta har trykkestønad frå Noregs Forskingsråd vore ein føresetnad for i det heile å publisere verket. Rekna i kroner og øre manglar bokprosjektet 300 000 kroner for å kome i hamn.
- Men er det slik at alle prosjekt får trykkestønad frå forskingsrådet? Har de fått ein garanti om at dette skulle trykkast?
- Nei, sjølvsagt får langt frå alle slik støtte, og vi hadde ingen garantiar. Men fordi vi oppfattar denne serien som eit betydeleg publiseringsprosjekt innan norsk folkemusikk, og fordi det har virka så sjølvsagt å få støtte til tidlegare bind, var vi ganske sikre på å få støtte også til det siste bindet i denne serien som eg har ansvar for. Difor er eg skuffa, rådvill og ikkje så lite frustrert, skriv Sæta i ein e-post.
- Kva vil de gjera for å få dette i boks?
- Det er Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo som formelt sett står bak søknaden om trykkestøtta, og alt det økonomiske må ordnast den vegen. Hittil har få nye planar dukka opp.
Det aktuelle bokprosjektet presenterer 460 noteoppteikningar i dei eldste slåttesjangrane; halling, pols og springarar og marsj, frå Møre og Romsdal. Alt er transkribert frå lydopptak, henta frå ”alle” aktuelle offentlege arkiv i landet. 75 utøvarar er representerte i bindet. Tekstdelen består av kommentarar til kvar slått og slåttefamilie, med tilgjengeleg informasjon, tilvisingar til samanheng og til variantar i tidlegare bind, skriv Sæta. I tillegg fylgjer fleire artiklar, mellom anna om feletradisjonar i Møre og Romsdal, ein artikkel om utvalet og ordninga av materialet, om slåttesjangrar og nemningar og ein artikkel om notasjon.
Bind 1 til 4 er publisert for fleire år sidan. Bind 5 var meint å vera ein parallell til dei andre binda, og det siste bindet under leiing av Norsk Folkemusikksamling. Manuset til bind 5 har vore trykkeklart sidan våren 2009 i påvente av trykkestønad frå forskingsrådet. Kommunikasjonen mellom forskingsrådet og Norsk Folkemusikksamling har heller ikkje vore av det beste slaget, skal vi tru Sæta. Han skriv at kommunikasjonen har vore prega av ”betydelig venting, utsettelser, misforståelser og ”forglemmelser”.
Folkemusikk.no kjem tilbake med meir informasjon om saka.