- Dette er stort for alle som spelar durspel. At kongepokalen er sett opp i klassen for durspel har mykje å seie for aksepten for instrumentet – i folkemusikkmiljøet, men òg for motivasjonen blant spelarane til å vera med og kjenne seg inkludert i folkemusikkmiljøet.
Klassen for durspel vart fyrste gong gjennomført i 2005. I 2011 var det med 6 deltakarar i klassen. I år var det 21 påmelde. 19 stilte til start. Rannveig Djønne seier nivået var skyhøgt.
- Eg skulle ynske det var fleire juniorar som stilte til start. Likevel trur eg kongepokalen kan vera med å auke interessa for bygdedansspel blant både juniorane og seniorane.
Djønne er òg godt nøgd med dommarane i klassen.
- Durspelarane er i dei beste hender. Vi har tre svært stødige og kompetente durspelarar med god kjennskap til dei ulike stilartane.
Dommarane i klassen for durspel i år er durspelkjendis og medlem i Toradartrioen Torleif Stave frå Ål, plateaktuelle Annette Thorsheim frå Masfjorden og Even Røhjell frå Oppdal – også kjent frå gruppa Nordafjells.
Ei av dei som deltok i klassen for durspel i år var Ida Furusæter frå Ringebu Spelmannslag.
- Det var veldig artig å delta denne gongen. Det kjennest godt – i allfall no etter at tevlinga er over.

Har du nokon favoritt?
- Det var med svært mange gode utøvarar, og kampen om pokalen blir beinhard. Eg fekk ikkje med meg alle men etter rykta å døme spelte mange godt.