FolkOrg vart stifta laurdag 21. november 2009 som ei samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987). Styreleiar for FolkOrg er Maria Høgetveit Berg, medan Linda Dyrnes er dagleg leiar.

I går var dei på offisiell audiens på Slottet i Oslo der dei fekk møte Dronninga, som nyleg har fornya sitt beskyttarskap for organisasjonen. 

Anerkjenning for folkemusikken

Ordninga med beskyttarskap fungerar som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år, og det er dette FolkOrg no har fått.

- Dronninga var svært oppdatert, hyggeleg og interessert, fortel Linda Dyrnes. – Dei tjuge minuttane blei fort eit hyggeleg møte på ein halv time. Vi er svært glade for beskyttarskapet  -- og den anerkjenninga dette er for folkemusikken og organisasjonen vår.

Høgetveit Berg og Dyrnes hadde med seg eit utval norske folkemusikkplater som ei lita merksemd til Dronninga, noko som skal ha blitt godt teke imot.

Rosar folkemusikken og folkedansen

HM Dronninga Sonja vart tidlegare i år intervjua i Bladet Folkemusikk, der ho viste stor innsikt i norsk folkemusikk og folkedans. Ho viste då redaktør Knut Aastad Bråten iPod’en sin, som mellom anna inneheldt musikk av Sigrid Moldestad, Benedicte Maurseth, Eplemøya Songlag og Annbjørg Lien.

- Vi er heldige som har så mange dyktige musikarar og talent, sa Dronninga. – Eg har eit inntrykk av at folkemusikken i dag er meir open. Han er ikkje lenger kuriøs, for nokre få. Folkemusikken når fleire, og blir spelt i alle naturlege samanhenger og for alle slags folk.

Dronninga valde og å la prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon danse folkedans og folkeviseleik i oppveksten.

- Å la borna våre lære folkedans var eit medvite val, både for Kongen og meg, fortalde ho til bladet Folkemusikk.

Linda Dyrnes er takksam for at HM Dronninga no held fram med sitt beskyttarskap for FolkOrg.

- Dronninga uttrykte også eit ynskje om å kunne vitje nokre av arrangementa våre i den komande perioden, sjølv om ho har fullt program dette året.

Vi tek elles med at HKH Kronprinsesse Mette Marit no er beskyttar for Førde internasjonale folkemusikkfestival. 
 

Linda Dyrnes og Maria Høgetveit Berg i FolkOrg, 2011