På oppdrag frå folkemusikk.no har han sett saman ei speleliste med sin favorittmusikk. På lista er det utøvarar som Knut Hamre, Anders Kjerland, Eivind Mo, Torleiv Bolstad, men også ein og annan barokkslager og nokre seige rockelåtar. - Naturleg nok er det masse hardingfele, men òg musikk frå 70 talet med mellom anna Rush. Dette er eit Canadisk band eg har høyrt på i alle år. Draumen var å bli like bra på slagverk som Neil Peart! Slik gjekk det ikkje, i staden vart det folkemusikken som fenga. - Eg vart tidleg gira på hardingfele. Bestefar min, Leif Rolland frå Tingvoll på Nordmøre, spela både vanleg fele og hardingfele. I tillegg hadde eg ein kompis som var to år eldre enn meg som spela hardingfele, eg ville prøve og fekk Knut Hamre som lærar i musikkskulen. Då var det gjort, fortel Frank Henrik Rolland.
I AKSJON: Frank Henrik Rolland frå Landskappleiken på Voss i 2010. Foto: Eivind Kaasin |
I dag er han er tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og på Hardanger Folkemuseum der han tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet på museet. Bak seg har han utgjevingar saman med fylkesmusikarane i Hordaland, Trio Hardanger og ikkje minst si eiga soloutgjeving Hardingfele frå 2008. Dessutan har han fleire gode plasseringar frå Landskappleikar opp igjennom åra.
- Som musikar har eg masse på tapetet framover. No er det mellom anna skulekonsertturné i Nordhordland, og så er eg musikar i stykket til Jon Fosse Dyrehagen Hardanger som no går på Hordaland Teater. I tillegg er det mykje speling med elevar. I Hardanger er det god rekruttering for tida, med masse flinke unge spelemenn, fortel Rolland.
I tillegg til å arbeide som musikar og arkivar er han også ein av arrangørane bak folkemusikkonsertane i Utne. som Hardanger Folkemusikksamling og Hardanger folkemuseum står bak.
- Me har mange konsertar på Utne for tida, der me har nyopna lokalet på loftet med supert konsertlokale med kafé og pub. Me har hatt arrangement ein eller fleire gonger i månaden, og kvar gong er det både konsert og quiz. Dei neste konsertane på plakaten er Gjermund Larsen Trio i oktober og Novgorod i november.
Og på spørsmål om kva dei beste musikkopplevingane i år, er han ikkje i tvil.
- Det må vera El Cuero sin konsert på Bøgrend Autofest og Per Anders Buen Garnås sin solokonsert på Hardanger folkemuseum i haust!
I kveld står han sjølv på scenen på folkemusikkpuben i Utne.
FRANK HENRIK ROLLAND SINE FAVORITTAR
> SPELELISTE I SPOTIFY (21 låtar)
> SPELELISTE I WIMP (18 låtar)
01 - Eivind Mo – Håvards Sorg
02 - Eivind Mo – Fossheimen, Gangar - Etter Eilev Smedal
03 - Anders Kjerland – Slåttar Frå Hardanger: Gullfaksen, Springar
04 - Knut Hamre – Bygdatråen
05 - Torleiv Bolstad – Fjellbekken
06 - Torleiv Bolstad – Svein I Sy'garde'
07 - Torleiv Bolstad – Bjøllelåtten
08 - Knut Hamre – Jørånnatten (ikkje i wimp)
09 - Knut Hamre – Eivind Mo 1 (ikkje i wimp)
10 - Torleiv H. Bjørgum – Skjoldmøyslaget - Form Etter Olav Heggland
11 - Leif Rygg – Roesverkjen
12 - Agnes Buen Garnås – Rosensfole
13 - Kirsten Bråten Berg – Spurv På En Snor
14 - Rush – Anthem
15 - Rush – Tom Sawyer
16 - Indigo Girls – Closer To Fine
17 - Marius Müller's Funhouse – Engel (ikkje i Wimp)
18 - El Cuero – Little Bird
19 - Yo-Yo Ma;Mark O'Connor – Limerock
20 - Hille Perl – Les Couplets
21 - Hille Perl – La Conférence