I mange år har Universitetet i Oslo og Norsk Visearkiv hatt ein eigen database for ballader tilgjengeleg på nettstaden www.dokpro.uio.no. Norsk visearkiv har no fjerna balladearkivet frå nettet, med grunngjeving at dei gamle sidene ikkje var gode nok. Dei syner også til at dette er i samsvar med avtala mellom Norsk Visearkiv og Universitetet i Oslo. Kjøk er ueinig i avgjersla om å fjerne databasen frå nettet.
- Denne balladebasen var vegen til “skatten” for alle oss som ikkje har tilgang til handskriftarkiva for skuld tid eller reisevegar. Å stengje basen vil seia å ta frå oss alt som var meint vi skulle ha tilgang til. Alle kan sjå at det er både feil og manglar der, men for oss er opplysningane vi treng der, i heilskap og detaljar: visevariantar og versebrot, fakta om kvedarar og samlarar, det er meir enn godt nok og viktig for oss og til vår bruk, fortel Kjøk.
Utarbeider ny database
Norsk Visearkiv fekk tidlegare i år ei tilskot på 1,2 millionar kroner i støtte frå Norsk kulturråd til ei vitskapleg nettpublisering av tekstane til ukjende, og førebels upubliserte middelalderballadar. Resultatet av dette skal gå i inn i ein ny og utbetra versjon av balladedatabasen, som er tenkt ferdig i løpet av 2012.
- Vi gler oss over det nye balladeprosjektet som er kome i gang og ser fram til at Visearkivet får alt det nye med tekst og tone på plass. Og vi er svært interesserte i opplysningar om kva som står føre av tekstrevisjonsarbeid og tidsrammene for å få alt, tilsvarande det gamle og med det nye, tilgjengeleg for oss. Men den meldinga som møter oss på den gamle balladebasen om at basen er lagt ned og med grunngjevinga denne har “så mange feil og manglar” vekkjer ikkje berre undring, ho uroar, meiner Kjøk.
- På vegne av alle oss som har gledd oss over det digitale balladerommet ber eg om at databasen vert opna att. Digitalhistorisk og åndsverkshistorisk sett er det og eit poeng at ho står som ho har stått. Basen er i seg sjølv viktig som starten på digital publisering av norsk folkedikting.
Styreleiar i Norsk Visearkiv, Liv Kreken Kvalnes, stadfestar at databasen førebels er teke vekk frå nettet, og at dei har teke i mot tilbakemeldingar på avgjersla.
- Vi har fått ein del tilbakemeldingar på at databasen er teke vekk frå nettet. Til veka skal me ha prosjektmøte om den nye balladeprosjektet, og då skal me diskutere de innspela og tilbakemeldingane som har kome inn.
Denne saka er laga med utgangpunkt i Jarnfrid Kjøk sitt innlegg på Norsk Kvedarforum sine sider kvedarforum.no. Folkemusikk.no kjem tilbake med meir om saka.
Balladedatabasen må opnast att
Oppmoding til Visearkivet
Å stengje den gamle balladedatabasen verkar uforståeleg så lengje vi ikkje har den nye tilgjengeleg fullt ut, seier kvedar og databasebrukar Jarnfrid Kjøk. No oppmodar ho Norsk Visearkiv og Universitetet i Oslo om å halde den gamle databasen open til ei ny løysing er på plass.
Denne artikkelen er over 13 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.