FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein enorm aktivitet gjennom mellom anna: 

  • Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk. 
  • Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement. 
  • Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå. 
FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. For 2012 vedtok styret i FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk – og folkedans. Til denne prisen er det no vald ut tre nominerte.

Bærum Spellemannslag

Bærum Spellemannslag (BSL) er eit forholdsvis ungt lag som har eksistert sidan det ble stifta av Halvard Kvåle i 1993. Det har på kort tid vorte eit stort lag, med neste 80 medlemmer. Laget har i en årrekkje vært svært aktiv med rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkemusikk og –dans. De har bidrege til og vært pådrivarar av formidling og synliggjøring av folkemusikk og –dans både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
 
Mange profilerte personar i norsk spelemannsmiljø har starta sitt folkemusikkliv i BSL, mellom anna medlemmer av gruppa Valkyrien Allstars, trioen Vrang, og nyare utøvarar med gryande suksess som Guro Kvifte Nesheim og Solveig Brekke Hauknes. I tillegg har BLS en juniorgruppe med ambisjonar som hevder seg godt. Ungdommane i laget viser et stort spenn og er svært ettertrakta. Laget satsar òg  sterkt med å ha gode lærekrefter frå Oslo-regionen som instruktørar for alle gruppene i laget.
 
BSL har årlige konserter med gjesteartisar der barn og ungdom settes i sentrum. I forbindelse med konsertane har det vært arrangert kurs/seminar i både speling og dans. I 2011 gjennomførte utvekslingsprosjekt mellom norske og irske ungdommar som speler folkemusikk. Det ble spilt irsk og norsk folkemusikk morgon, middag og kveld. Norsk og irsk dans sto og på programmet og ga mye moro til alle. 
 
Uka ga rik anledning til å bli kjent med andre unge folkemusikarar frå både Noreg og Irland og både nettverk og motivasjon fikk påfyll så det haldt. Frå evalueringa fekk laget tilbakemeldingar som "best week of my life"! 
 
I tilegg til dette har dei ein rekkje faste aktivitetar kvart år, faste øvingar kvar uke, spilling på søndagsdansen i BLS, Nordahl Bruuns gate og deltaking på lokale kappleiker og Landskappleiken. På kappleiker kan dei vise til gode resultat i lagspel både for juniorane og seniorane, og nokre av medlemmane hevder seg og i dansekonkurransane.