Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hått

B-Burger

B-Burger_Hått_foto_talik

Det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken.

Her er eldre tonalitetskjensle, hardingfelas tradisjonelle bogestrøk og ornamentikk, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane. Bak kvar sving skjuler det seg melodiske perler og under ligg sugande danserytmar. Dette svingar som gamaldans ikkje har gjort på 70 år!

Nils Øyvind Bergset (trekkspel) / Per Anders Buen Garnås (hardingfele) / Anders E. Røine (gitar). Tre av landets fremste folkemusikarar bles liv i ei lite påakta musikkform, og gjer det på gamlemåten. Gruppa Hått har plukka fram gamaldansslåtter på hardingfele frå Telemark, Numedal og Valdres - slåttar som var i ferd med å gå i gløymeboka.

Dei gjev no ut slåttane på CD-en ”B-burger”.

Plateomtala er henta frå www.talik.no
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk