Hovudarrangementet denne helga er Frikar-tevlinga, 1-mot-1-kappdans i halling. 

- Frikar-tevlinga har sidan 2011 utfordra folkedansarar til å sjå på halling som spontan samdans, og sjå bakover på tradisjonen før kappleikane når dansen formast vidare, fortel Halgrim Hansegård. 

Årets hovudfokus for tevlinga er "spontanitet mellom dans og musikk". 

Dette er noko dei røynde dommarane Solveig Hårdnes, Anders Anmarkrud og Thor Herman Bøhle vil sjå ekstra nøye på. 

- Publikum sit i ring rundt dansarane med tre spelmenn som sjølv vel låttar og tempi. Marit Karlberg, Jan Beitohaugen Granli og Erlend Viken syter for at kappdansen også blir ei framifrå musikalsk oppleving. 

- Nytt av året er at dansarane kan bruke element, slik snøbrettkøyrarane gjer i slopestyle. T.d. kan dansarane "sleike" ein justerbar bom med rundkast, slik dansarar i gamle dagar "sparka atti" hyller og himling, fortel Hansegård. 

Etter tevlinga laurdagskvelden blir det dansefest med bygdedans. 

SJÅ VIDEO FRÅ TEVLINGA I FJOR: 
(artikkelen held frem under) 
 

Seminar og prat

Men Fjelldansen arrangerer også seminar og kurs. Laurdag blir det seminar med prat og dans der dansarar som blant andre Ulf-Arne Johannessen, Ingar Ranheim og Hallgrim Hansegård fortel om kva val dei har gjort og gjer i utforminga av sin eigen dans. Kvifor gjer dei ikkje akkurat som dei har lært?

Seinare vert det ordveksling om spontanitet mellom dans og musikk, og samtale med dommarar om tevlinga som fylgjer. 

Emile Holba
Hallgrim Hansegård i Frikar ønskjer å skape ein ny møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Foto: Emile Holba

Etablerer nytt kompetansesenter

Denne helga er det også avspark for Fjelldansen som er eit nytt kompetansesenter for folkedans initiert av Frikar, med tilskot frå mellom anna Norsk Kulturråd. 

- Målet for Fjelldansen er å bli ein lokal og global møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Blant anna vil Fjelldansen invitere dansarar frå inn- og utland til Aurdal for å arbeide med idear, bidra i verkstader og vise framsyningar. 

Sundag er det seminar om Fjelldansen og den planlagte residensverksemda deira.


> SJÅ FULLT PROGRAM HER

> LES MEIR OM KOMPETANSESENTERET FJELLDANSEN