Under stiftingsmøtet 30. oktober vedtok Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag å etablere ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock på Austlandet. Bakgrunnen er eit ynske om å styrke rammene og å heve kompetansen for profesjonelle musikarar og arrangørar innafor det rytmiske musikkfeltet. Bente Hemsing frå Aurdal er tilsatt som dagleg leiar for det nye senteret. Kontorplass er Valdres Folkemuseum.
Austnorsk folkemusikksenter skal arbeide med kompetansehevingstiltak, særleg knytt til virkeområda arrangement, kurs, festivalarbeid, produksjon og produsentoppgåver. Kompetansemiljøet i Valdres har kunnskap og lang erfaring med slikt arbeid. Folkemusikk- og folkedanssektoren i Valdres representerer til dømes den største samlinga ressurspersonar i heile landet. Austnorsk folkemusikksenter bygger elles på kompetansemiljøa ved Valdres Natur- og Kulturpark, Jørn Hilme-stemnet, Valdres Sommersymfoni og Vinjerock.
Onsdag 18. november vart det nye styret samla til møte på Maihaugen på Lillehammer. På dagsorden var mellom anna arbeidsplan, budsjett, søknadsskriving, og signering av ei samarbeidsavtale med Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet. Det er denne strukturen som no søkjer Kulturdepartementet om statleg tilskott til drift av dei tre kompetansesentra. Dei tre kompetansesentra er, i tillegg til Austnorsk folkemusikksenter, Østnorsk jazzsenter i Oslo og Delta Øst, eit pop- og rocksenter på Lillestrøm. Valdres Natur- og Kulturpark og Oppland fylkeskommune er viktige støttespelarar i arbeidet.
Styret i Austnorsk folkemusikksenter er Ole Aastad Bråten, styreleiar, Randi Skeie, nestleiar, Eirik Høyme Rogn, styremedlem, Frode Rolandsgard, styremedlem og Camilla Granlien, styremedlem. Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne Moslåtten.