Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2012, og er på kr.10.000,-. Kappleiken finn stad i Lonevåg, Osterøy 5. – 7. oktober 2012. Frist for innsending av forslag er 15. september 2012.
Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2012”.
Bergen ungdomslag Ervingen er eit av lokallaga i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Gjennom Bergen ungdomslag Ervingen får medlemane tilbod om mange ulike aktivitetar, samt å delta på kurs, seminar, stemne og festivalar. Kvart år er det fylkesstemne og festivalar der ein får ta del i dei aller fleste aktivitetane som organisasjonane har.
For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/