Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Duo

Aslak Brimi og Erlend Viken

TA75CD_digipak_DA1X12XX

TA75CD_digipak_DA1X12XX Eva Karlsson

Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman. Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit.

Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlige variantar som i møtet får ekstra kraft. Som lyttar vert du ei floge på veggen som tek del i deira private feststund. Det er samspel med avtrykk frå gamal og ny tid. Det er historier som er blåkledde, gåtefulle eller berre lugume. Det er spelemannsliv. Det er det urgamle møtet mellom menn frå to dalføre.  - Sigrid Moldestad

”Vi to har spelt mykje i lag sidan vi fyrst vart kjent: På eit folkefylt hotellrom etter ein lang kappleiksdag; i ei campinghytte på Smedsmo camping; med øl og fele ved Strondafjorden på Jørn Hilme-stemnet; på kaffistoga på martnan; i utallige klasserom; og nå i det siste i meir rolege omgjevnadar på Majorstua og Lillestrøm i førebuingar til denne innspelinga. Vi liker å spele i lag.

Vi tok skia fatt i februar. Saman med oss var produsenten vår, og gode ven Sjur. Ta:lik sin kunnskapsrike representant, Niels, stilte med iver og nysmurte ski.  Lydmann Fridtjof stilte med tungt lydutstyr og viktig hodelykt. Vi hadde kome aust i Jotunheimen, til eit lite eventyrslott: Vianvang. Arne Brimi har i løpet av 15 år bygd opp ein fantastisk fin plass midt i fjellriket. Her isolerte vi oss.
 
Heile Vianvang oser av tradisjon og kunnskap. Vi let oss imponere over mannen og plassen, og med ein vinterkledt Jotunheimen som ramme let vi oss inspirere.  Ikkje noko støy, ingen dommarar, ikkje noko anna enn to feler – i lag. Målet er å skape noko som er vert å formidle til dykk”.

Plateomtale er henta frå www.talik.no
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk