- Det er ingenting me heller vil enn at lokale lag skal arrangere Landskappleiken, men me har sett oss nøydde til å sjå på ei alternativ løysing for arrangementa. Dersom arrangementet skal ha livets rett må det bli slik, fortel Rannveig Djønne som til dagleg jobbar med desse arrangementa i FolkOrg. 

Saman med ei eiga arbeidsgruppe med tidlegare arrangørar av Landskappleiken har Djønne utarbeidd ein detaljert kravspesifikasjonen for Landskappleiken. Kravspesifikasjonen har vore sendt ut på anbod til fleire aktørar. 

Førre veke valde styret i FolkOrg det polske eventbyrået Folk Event som arrangør av Landskappleiken. 

- Dette er en ein svært røynd arrangør, som har forståing for arrangementet. Dei har spesialisert seg på større arrangement med mykje logistikk, og har solid erfaring frå mange musikkonkurransar  og –festivalar rundt om i heile Europa. Dessutan er dei rimelege, fortel Djønne. 

Folk Event tek på seg gjennomføring av Landskappleiken frå og med 2016. I fyrste omgang vert det eit prøveår i 2016 for å sjå korleis det fungerer. Firmaet har ei intensjonsavtale om fire år til dersom alt går etter planen. Firmaet kjem til å vere tilstade under Landskappleiken i sommar for å sjå korleis arrangementet går føre seg.  

Per Øyvind Tveiten vart attvald som styreleiar i FolkOrg.
Per Øyvind Tveiten meiner den ny modellen er den beste løysinga for Landskappleiken i framtida.

Kontroversiell modell

Styreleiar Per Øyvind Tveiten er kjend med at denne modellen kan vera kontroversiell. 

- Landskappleiken er eit stort og krevjande arrangement med særs mykje logistikk. Kravet til profesjonell gjennomføring er stort, og det krev eit stort dugnadsapparat. Slik det er no er det få eller ingen som vil ta på seg jobben. Då er det vårt ansvar å finne ei løysing, meiner Tveiten. 

- Det er sjølvsagt ei utfordring at lokallaga misser mange inntekter på grunn av dette. På sikt kan det gå ut over rekrutteringa. Me ser derfor på ei alternativ løysing på dette, og kjem til å følgje nøye med på utviklinga. 

Men han presiserer at det meste blir som før. 

- Det er ingen grunn til å frykte for innhaldet i arrangementa. Det meste blir som det alltid har vore. Som utøvar og publikummar vil ein merke lite til endringa. No kan me endeleg konsentrere oss fullt og heilt om å spele og danse, og det blir bra! 

Landskappleiken 2015 vert med dette det siste året der eit lokalt lag står som arrangør av den store folkemusikktevlinga. Kven som blir arrangør 2015 vert presentert innan kort tid.