Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar ble oppretta i 2001, og ble i 2010 utdelt for 10. gong. Prisen har til føremål å inspirere unge folkemusikkutøvarar. Prisen kan gjevast til enkeltpersonar under 18 år som på ein spesielt god og aktiv måte har sytt for auka merksemd om folkemusikkens uttrykk.

Det var kultursjef i Bø, Hilde Pedersen, som i går kveld hadde gleda av å dele ut prisen. Ho sit òg i juryen, saman med m.a. dagleg leiar i Telemarkfestivalen, Anette Winkelmann. I talen sin nemnde Pedersen at det var ekstra hyggeleg at to av dei tidlegareEckbo- vinnarane er med på årets program: Ingebjørg Harman Bratland, som deltok på opningsframsyninga, og Ottar Kaasa, som har fått æra av å spele på den avsluttande Borgjakonserten sundag.

Andris Hemsing, som har gått i lære hos m.a. Trygve Bolstad og Jan Beitohaugen Granli, har vore elev ved Nord-Aurdal kulturskule i Valdres. Han har vore solist på større og mindre framsyningar, og har òg spelt konsertar saman med orkestre. Han har dessutan spelt saman med dei eldre systrene, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Han har tidlegare fått Hedmark og Oppland musikkråds stipend for 2010.

'Andris Hemsing takka for æra, og lova å kome til tilbake til Telemarkfestivalen neste år. Det løftet hadde òg fjorårsvinnaren Helga Myhr gjeve. No takka ho for prisen med å framføre “Fyker’n”, ei frisk låt ho hadde lært etter Olav Luksengård Mjelva.

Tidligare prisvinnarar er Ottar Kåsa frå Vinje, Kristin Gravaune frå Oppdal, Øystein Nilsen frå Haugesund, Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje, Thea Tunås Bratteng frå Hallingdal, Tor Hoslemo frå Setesdal, Gjermund Bråten frå Hallingdal, Guro Kvifte Nesheim frå Oslo og altså Helga Myhr frå Ål.

Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar er på 15.000 kroner, og det følgjer eit diplom med prisen.